Månadsdøgntrafikken for juni 2024
Frå mai til juni 2024 har trafikken på Rv 7 Hardangervidda , målt i Skulevika, auka med 28 %, frå 1614 mdt til 2070 mdt. Tingbiltrafikken har auka med 20 % frå 124 mdt til 150 mdt. Dette betyr at det på vidda i juni 2024 totalt passerte 86 bilar i timen herav 6 tungbilar i timen.
Samanlikna med fjellovergangen E16 , målt i Borgundtunnelen som samlar Filefjell og Hemsedalsfjellet,, så er auken 20 %, frå 2410 mdt til 2887 mdt. Tungbiltrafikken der auka med 4 %, frå 246 mdt til 361 mdt, som kan tolkast som at mange av tungbilane har flytta til Hardangervidda.
Samanlikna med fjellovergangen E 134 Vågslitunnelen på Haukelifjell, så er auken der på 19 % frå 1979 mdt til 2346 mdt. Tungbiltrafikken auka også med 4 % frå 212 mdt til 220 mdt. Dette tolkar eg som at E 134 har sitt eige trafikkgrunnlag og ikkje konkurrerande trafikk med Rv 7 eller E16.