RV 7 Hardangervidda er ein hovedveg aust-vest og må prioriterast i NTP 2028-2040.
Dei oppdaterte tala for september 2026 viser at trafikken på Rv 7 Hardangervidda framleis er betydeleg med døgntrafikk på 1738 køyretøy. Yrkedagane er det på snitt 183 tunge køyretøy (over 12,5 m). Normalt minkar turisttrafikken etter sommarferien på alle fjellovergangane i SørNoreg, og det viser att i trafikkteljingane i september 2026. Tala for E 134 er døgntrafikk på 2073 køyretøy (297 tunge på yrkedagar). Tala for E 16 korridoren (E16+Rv 52) er døgntrafikk på 2239 køyretøy ( 437 tunge på yrkedagar).).
Også i september viser trafikkfordelinga at E 134 har 1/3 av trafikken på dei 4 fjellovergangane , lik Årsdøgntrafikken dei siste åra. Altså prioriterer 2/3 av trafikantane aust-vest korridorane nord for Haukelifjell. Dette er også situasjonen for tungtrafikken aust -vest. Nokon snakkar framleis om E 134 som «Hovedvegen» aust-vest, slik det vart omtalt i ei Aust-Vest-utgreiing i 2015, men som aldri vart vedtatt. Tvertimot viser Trafikkutviklinga at det er Rv 7 Hardangervidda som har hatt størst auke sidan opninga av Hardangerbrua i 2013. Auken her er på 70 %, medan E 134 hadde auke på 58 %. Samanliknar ein Årsdøgntrafikken i 2025 mellom E 134 og Rv 7, så hadde Rv 7 Hardangervidda 46 % og E 134 hadde 54 % av den samla trafikken på desse fjellovergangane. Analysar viser også at det er minimal konkurranse om traseval mellom desse.
Statistikken er tydeleg. Når NTP for 2028-2040 no skal utarbeidast, må trafikantane sine prioriteringar visa att, og Staten må starta planlegging av tunnelar på Rv 7 Hardangervidda på lik linje med planlegginga av tunnelar på E 134 Haukelifjell. Om dette ikkje skjer, lyser det eit blått lys for dei 28 % av trafikantar og varetransport mellom Vestlandet og Austlandet i 2025. Når Lærdalstunnelen no nattestengjer i 5 år reknar Statens Vegvesen med betydeleg trafikkauke på Hardangervidda. Framsnakking av Rv 7 Hardangervidda er nødvendig og ønskjeleg frå alle vennlegsinna for å nå fram med bodskapen.
