Trafikktala for Fjellovergangane i SørNoreg for Oktober 2021 og tilgrensande strekningar for Rv 7 Hardangervidda
Så er hausten komen , sommartrafikken slutt og fjellovergangane bur seg på vinteren. Dette reflekterer og sjølvsagt trafikktala. Her er tala frå nokre av trafikkdata sin teljepunkt for fjellovergangane i SørNoreg, samt nokre tilgrensande strekningar som tilfører trafikk til rv 7 Hardangervidda.
Tala viser at trafikken på rv 7 Hardangervidda held seg stabilt høg. Rv7 Hardangervidda har litt større trafikk enn funksjonsfordelte rv 52 Hemsedalsfjellet og 75% av trafikkmengden som trafikkerer E 134 ved Vinje Kyrkje. Dette fortel vel om trafikkantane si prioritering og må vel kunna medføra beslutningar og midlar?
Med ein Dyranuttunnel på 6,2 km mellom Krossdalen og Skulevika vil hovudproblemet for vintersikker rv 7 på Hardangervidda vera løyst. Det er uforståeleg kvifor Samferselsdepartementet framleis ikkje leverer eit vedtak om KVU for Rv 7 Hardangervidda, som er frå 2018.
Fjellovergangar SørNoreg | |||||
Rv 7 Hard.vidda | Rv 52 Hemsedal | E 16 Filefjell | Fv 50 Hol Aurland | E 134 Vinje kyrkje | |
Total | 1287 | 1279 | 694 | 182 | 1728 |
Yrkedagar | 1200 | 1258 | 679 | 157 | 1806 |
Helg | 1469 | 1324 | 726 | 234 | 1563 |
Tunge > 12,5 m | 107 | 255 | 96 | 2 | 185 |
Andre interssante | |||||
Rv 7 Hardanger- brua | Rv 7 Geilo Øst | Rv 7 Flå syd | Fv 40 Veggli | Rv 13 BuVest | |
Total | 2069 | 3892 | 5817 | 2761 | 978 |
Yrkedagar | 1999 | 4237 | 5587 | 2739 | 993 |
Helg | 2244 | 3168 | 6301 | 2809 | 940 |
Tunge >12,5 m | 141 | 160 | 463 | 63 | 53 |