Uttale til «15/225843- KVU Rv 7 Hardangervidda -Ny høring»
Konseptvalutgreiining (KVU) for riksveg 7 over Hardangervidda vart tinga av Samferdselsdepartementet i 2014 og vart lagt fram oktober 2015. Bakgrunnen for denne KVU-en var Regional plan for Hardangervidda av 2011 der fokus var både å sikra villreintrekk og betra tryggleik og betra trafikkregulariteten for trafikantane på Rv 7 , ein samfunnsmessig viktig vinteropen høgfjellsveg.
Vidare handsaming av KVU for rv 7 Hardangervidda, mellom anna høyringa, vart i 2015 utsett i påvente av ei ny aust-vest-utgreiing Gol -Voss. På bakgrunn av denne utgreiinga handsama Stortinget Meld. St. 33 (2016-2017), Nasjonal transportplan 2018–2029, 19.juli 2017. Her står det m.a.: Regjeringen vil prioritere E134 som en av hovedvegforbindelsene mellom Østlandet og Vestlandet.Som den andre hovedvegforbindelsen østvest legger regjeringen opp til en funksjonsdeling mellom rv 52 og rv 7. Rv 52 vil være hovedvegforbindelse for næringstrafikk mellom Østlandet og Vestlandet. Rv 7 vil være hovedvegforbindelse for reiseliv og persontrafikk.
KVU rv 7 over Hardangervidda vart teke opp att hausten 2017 der også Kvalitesikingsarebidet (KS 1) vart sett i gang. KVU-en har fått høyringsfrist 1.april 2018.
Styret i Hardangerviddatunnelene As har i møte 01.03 vedteke å gje uttale til KVU rv 7 over Hardangervidda og tilrår no konseptet K2 , som betyr 5 korte tunellar over Hardangervidda. Selskapet viser til at dette kan byggjast etappevis og ber om oppstart på Lågehætunellen og Dyranuttunellen.
Konklusjonen er slik:
Hardangerviddatunnelene As har meint at lang tunell er beste løysinga for sikker vinterveg over Hardangervidda. Etter vedtak i Melding St.33(2016-2017) Nasjonal Transportplan er Rv.7 Hardangervidda vedteken som hovudveg aust-vest for reiseliv og persontrafikk. Hardangerviddatunnelene AS støttar no opp om tilrådinga i konseptet K2 , korte tunellar i KVU Rv.7. Dette har den naturlege konsekvensen at ein må planleggja for alle 5 tunellane i konseptet. Desse kan byggjast etappevis, men det er viktig å koma i gang med prioritetane 1 og 2 i tilrådinga: Dyranuttunellen og Lågehætunellen.
Les heile uttalen under hovudfana Dokumentasjon.