Samferdselsdepartementet har merka seg Lågehætunnelen

Hardangerviddatunnelene AS har i uttalen til KVU Rv7 Hardangervidda tilrådd å flytta avsette 300 mill kroner i NTP sin handlingsplan 2018-2023. Selskapet ber om at desse midlane , som Statens vegvesen har tenkt å bruka på Rv 7 Ørgenvika-Svenkerud i Hallingdal, istanden vert brukt oppe på sjølve vidda  Innspelet er støtta av Buskerud og Hordaland Fylkeskommunar, Regionrådet for Hallingdal, IS RV 7 og eigarkommunane til selskapet Hardangerviddatunnelene AS.

Selskapet har i pressemending og brev og innspel, i styremøtet 1.mars 2018, tilrådd å bruka desse 300 mill kroner til starta bygginga av Lågehætunnelen, på 1,75 km mellom Halne og Skulevika. Dette er realistisk å gjennomføra innan 2023. Kommunane Hol og Eidfjord startar no prosessen for ein reguleringsplan på strekninga Leiro-Haugastøl.

Samferdselsdepartementet i svarbrev 9. april 2018  skrive at dei har merka seg synspunkta og tek det med i det vidare arbeidet. Men SD vil venta på fullført KVU medrekna høyring og på konkulsjonar i KS1 før dei tek stilling til konseptet for vidare utvikling og planlegging av Rv 7 over Hardangervidda.

Les brevet under fana Dokumentasjon.

Dette er viktige små skritt på veg mot ein vintersikker heilårsopen fjellovergang over og under Hardangervidda.