God Jol og Godt Nyttår
HARDANGERVIDDATUNNELENE AS TAKKAR ALLE SAMARBEIDSPARTAR OG STØTTESPELARAR FOR NYTTIG INNSATS I 2024, MED ØNSKJE OM EI GOD JOL OG EIT GODT TUNNELÅR I 2025.
Kort om viktigaste saka for selskapet i 2024 og planar for 2025.
Året 2024 hadde selskapet fokus å koma inn i Nasjonal Transportplan 2025-2036 med tekstlege merknader og gjerne forpliktande oppfølgjing frå Storting til Regjering. Trass ingen drahjelp frå Statens Vegvesen så påpeikar eit fleirtal i Stortingskomiteen for Transport og Kommunikasjon at RV 7, medrekna Hardangervidda, er definert som utbetringsstrekning, viktig for persontrafikk aust-vest og for lokalt næringsliv. Vidare peikar dei på at villreinstamme er sårbar og at det er behov for miljøtunnelar over Hardangervidda for å sikra villreinen og meir stabil vinterdrift på Rv 7. Eit mindretal peikar på at planarbeidet for miljøtunnelar over Hardangervidda vil løysa fleire utfordringar på ein gong og må halda fram.
Styret i Hardangerviddatunnlene as tar utgangspunkt i desse formuleringane for å fram eit vedtak om Konsept K2 i Regjeringa tidleg i 2025 , der Statens vegvesen får i oppdrag å få fortgang i arbeidet med tunnelar på Hardangervidda slik formulert:
«Samferdsesdepartementet legger til grunn at den videre planleggingen av Tunneler på Hardangervidda skal ta utgangspunkt i konseptet K2 (korte tunneler) og at Statens Vegvesen snarest skal starte utredning og planlegging av konseptet samt prioritering av første fase, som er K2 Redusert (Dyranuttunnelen).»