Arendalsuka 2023 og litt til.

Hardangerviddatunnelene as hadde stand på Arendalsuka 2023 , mandag 14.08 til fredag 18.08. Me fokuserte der særleg på Dyranuttunnelen, som vil gje heilårsveg for villreinen sør-nord og trafikken vest-aust. Dei aller fleste som vitja standen viste forståing for begge behova. Representantar for Hardangerviddatunnelen as var også tilstades på ulike arrangement for å bli oppdaterte, mingla og informera om Dyranuttunnelen. Det nyttige med Arendalsuka for oss er å vera tilstades for å møta både sentrale personar og vanlege folk og spreia opplysningar om saka vår.

Eit feiloppfatning mange lokale folk i Arendal har, er om ikkje E 134 Haukelivegen er bestemt som hovudvegen aust vest? Til dette er dessverre informasjonen om Funksjonsfordelinga altfor lite kjent. Altså at i tillegg til stamvegen E 16 over Filefjell så har Stortinget vedtatt at hovudvegane aust vest er 1: Funksjonsfordelinga mellom Rv 7 Hardangervidda (for reiseliv og persontrasport) og Rv 52 Hemsedalsfjellet (for næringstransport) OG 2: E 134 Haukelifjell.

Trafikktala for juli 2023 viser at Rv 7 Hardangervidda og E 134 Haukelifjell har omlag like stor trafikk mer slike tal: Rv 7 har 3942 bilar dagleg og E 134 4143 bilar dagleg. Dette tilseier nok at vegane er like viktige for trafikantane.