Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite har fått god informasjon om tunnelar på Hardangervidda.

BILETE (Foto Jørn Lekve) Frå venstre: Liv Kari Eskeland (Stortinget H), Solveig Vestenfor (ordførar i Ål), Timo Knoch (ordførar i Eidfjord), Jens Olav Holven (ordførar i Ulvik), Sigbjørn Gjelsvik ( Stortinget Sp , Komiteleiar T/K), Kari Lægreid (varaordførar i Eidfjord), Petter Rukke (styreleiar i Hardangervidatunnelen as), Trond Helleland (Stortinget H, 2.nestleiar i T/K), Frank Edvard Sve (Stortinget Frp, 1. nestleiar T/K)

Eigarane av aksjeselskapet Hardangerviddatunnelene tok imot Stortinget sin Transport- og Kommunikasjonskomite (T/K) på Geilo. Etter offisielt program kom stortingsfolka til Vestlia Hotel for middag og overnatting. I lobbyen på hotellet tok ordførarar og styremedlemmer synleg og tydeleg imot dei. Her vart det gitt informasjon om selskapet med fokus på vinterproblematikk for villreinen på vidda med Rv 7 som barriere og trafikkregularitet med stenging og kolonnekøyring. Ein Dyranuttunnel vil ,som første byggetrinn, er kolumbi egg:

1. Villreinen får tilbake eit stort og viktig beiteareal mellom Rv 7 og Bergensbanen.

2. Trafikantane får svært mykje tryggare og sikrare vinterveg aust-vest over vidda. Nattestenging av Lærdalstunnelen i 5 år vil gje stor trafikkoverføring frå E 16 til Rv 7. (Antatt 50-70 % auke)