Miljøtunell under Dyranut er best for villreinen, seier jegrane.

Hardangerviddatunnelen as inviterte villreinjegrar på Hardangervidda til møte på Dyranut Fjellstove laurdag 23.09.2023 om villreinen sine levekår på vidda . Fokuset var både å få fram fakta om statusen til villreinen, orientera om Stortingsmeldinga og Tiltaksplanar for villrein, som er under arbeid, og få jegrane sine synspunkt på situasjonen etter jakta 2023.

Jørn Lekve er engasjert av selskapet for å arbeida med villrein og tunnelar på Hardangervidda laga dette notatet:

Mange jegarar og andre med omsut for villreinstamma ga klokkeklar melding på eit møte midt på vidda laurdag 23.september 2023, om at tilstanden er dårleg. Alle var samde i at ei av fleire løysingar for å få rein vidde, vil vere å få ein tunnel under Dyranut.

Jegrane fekk støtte i dette synet av fagkonsulent Anders Mossing frå Norsk villreinsenter. Noko også ordførarane frå høvesvis Hol og Ål kommune, Petter Rukke og Solveig Vestenfor støtta klart opp om.  Ein tunnel under Dyranut kan auka villreinen si arealutnytting og tusenvis av villrein kan få tilgang til større beiteområde. Dette treng dei, sidan villreinen vert både færre i tal og mindre i vekt.

Færre dyr

Anders Mossing kom med ferske nyhende frå den nylege kalveteljinga. Gjennomgåande for, nesten alle villreinområde i Noreg, ser ut til å vere nedgang i tilvekst siste året. Under årets teljing fann ein 18 flokkar og omlag 3 700 dyr. Det gjenstår noko finteljing, men det vart funnet omlag 800- 850 kalvar, drygt 2 200 simle/ungdyr, og 600-650 bukk 2,5 år og eldre. Dei siste åra har ein ikkje gjennomført minimumsteljing på Hardangervidda, men resultat frå andre teljinger og tidligare erfaringar tyder på at vi har omkring 4500-5500 dyr på vidda i dag. I 2021 vart bestanden anslått til å vere frå 6 000 til 8 000 dyr.

Låge kalvevekter

Det er mykje som tyder på at kondisjonen til reinen på Hardangervidda er redusert i seinare år. Snittvekt på kalv dei siste fem åra er på 13, 8 kilo, noko som er låg vekt, historisk sett. Det er også en nedgang i vekta på bukk, sjølv om dette også kan hengje saman med tiltaket om å redusere talet eldre bukk i forbindelse med skrantesjukehandteringa. Me ser og at det er redusert funksjonell utnytting av areal og trekkpassasjer for rein, sa Anders Mossing.

Dette kom fram då temaet ”Rein Vidde” var opp til drøfting på en samling på Dyranut Fjellstova laurdag 23.september.

Tunnel er bra, men med føresetnader

Då Mossing var spurd frå salen om en tunnel under Dyranut kunne betre tilhøva for villreinstamma på Hardangervidda svarte han eit klart ja, men under nokon  føresetnader.

-Det vil betra tilhøva for villreinen om han kan nytta tidligare brukte trekkpassasjer frå sør til nord over riksveg 7, men då må ein samtidig innføre tiltak for å handtera menneskelig ferdsel omkring og på båe sider av tunnelopningane, sa Mossing. Kor lange tunnelane er og korleis de i vert utforma blir også viktig. Sentralt er også spørsmål knytt til skrantesjukehandtering. Det er i dag ikkje ønskeleg at det skal vere utveksling mellom Hardangervidda og Nordfjella. Men det er framleis slik at dei langsiktige måla om utveksling mellom bestandene ikkje er lagt vekk.

Godt oppmøte

Det var godt over 25 jegarar som møtte opp då dagleg leiar i Hardangerviddatunnelene AS, Leiv Vambheim hadde invitert til eit informasjonsmøte om arbeidet med villreinmeldinga som regjeringa etter planen skal legge fram for Stortinget vårsesjonen 2024. Han minna om at siste frist for innspel er alt 1.oktober, og at alle som har omsut for vidda og for villreinen, må sende inn sine innspel innan denne dato.

Dårleg informasjon

På møtet var det delt ut ei spørjeundersøking, der eit av spørsmåla til jegrane var:

”Har du som jeger motteke god informasjon om Villreinmeldinga til Stortinget?” Svaralternativa var ja eller nei.

Samtlege svarte nei.

Samtlege var og samde i at ein tunnel under Dyranut, kan vere eit av fleire tiltak som vil betre tilhøva for villreinen. Det kom fram i møtet at mange opplevde at departementet gjorde som dei ville, utan å lytte på dei som faktisk kan vidda og korleis det eigentleg stend til med villreinen.

Vern reinen, med tunnel

Ordførar i Hol kommune som og er styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Petter Rukke, sa at ein må ta vare på villreinen no, elles kan det fort verta for seint. Eit viktig tiltak for å redde villreinen vil vere å nettopp byggje ein tunnel på om lag 6,5 kilometer under Dyranut. Då vil mange tusen villrein kunne kryssa trygt i trekkrutene sine over Hardangervidda og dermed sikra reinsdyra sine naturlege livsvilkår på vidda. Den beste måten Noreg kan ta vare på sitt internasjonale forvaltaransvar  for ein av dei siste og største attlevande villreinstammane i Europa, vil vere tunnel under Dyranut, peika Rukke på.

EU må på bana

Rukke meinte og at sidan staten ikkje har gjort nok for å  ta vare på det internasjonale forvaltaransvaret, må ein vurdere å ta saka til EU og Brussel. Dette var ordføraren i Ål kommune, Solveig Vestenfor, heilt samd i. Ho streka under at Hardangerviddatunnelene AS, med støtte frå jegrane, no må få sett i gang ein prosess der ein kan søke om midlar frå EU, dette for å betre villreinens levevilkår. Dette må skje i samarbeid med kommunar, fylke og stat, sa Vestenfor. Utan tvil er det ein svær oppgåve, sidan det og er mange motkrefter mot tanken om å etablera ein trygg heilårsveg over Hardangervidda Rv7 gjennom bygging av i alt fem tunellar, steg for steg.

Fokus frå media

-Til tross for at me har kjempa i motbakke ei tid no, så har me i haust fått god drahjelp av media i denne saka, mellom anna med heile fyrstesida på Bergens Tidende og ei svær sak i Magasinet som fortel mykje om kor viktig det er å legge til rette for at tusenvis av villrein kan kryssa trygt i trekkrutene sine over Hardangervidda og slik sikre reinsdyra naturlege livsvilkår på heile vidda, sa Solveig Vestenfor.