Bygg Dyranuttunnelen for Villreinen.

I samband med at Regjeringa skal leggja fram ei Stortingsmelding om Villrein, så har dei bede om innspel innan 15.mai 2023. Hardangerviddatunnelene as tillet seg å senda slikt innspel til Klima- og Miljødepartementet ved Naturforvaltningseksjonen:

» Innspel til Stortingsmeldinga for villrein frist 15.05.2023.

Hardangerviddatunnelene as arbeider for sikra heilårs vegtrase over Hardangervidda for villrein og trafikantar. Selskapet viser til artikkel på KMD si nettside av 26.04.2023 og tillet oss med dette å koma med innspel i saka.

Konklusjonen i dette innspelet er: «Bygg Dyranuttunnelen for å gje Villreinen på Hardangervidda tilbake det tradisjonelle arealet mellom Rv 7 og Hardangerjøkulen/Finse.»

Villreinstamma på Hardangervidda er i krise og er lista i raudaste kategori i «Kvalitetsnorma for villrein av 2021».  Regjeringa peikar i invitasjonen til innspel av 26.04.2023 på fleire parameter for Hardangervidda som CWD, Bukkeandelen, Slaktevekt /Kalvevekt, Arealtilstand og ikkje minst nødvendig Arealutnytting.

I dag er Rv 7 Hardangervidda ein barriere for reinsdyra sine tradisjonelle trekkruter. Sjå vedlagde oversikt. Viktigaste trekkrutene på Rv 7 er over Høgdesteinen ved Dyranut, mellom Krossdalen og Skulevika. Ein Dyranuttunnel på vel  6 km vil opna desse rutene for villreinen på Hardangervidda både vinter og sommar og er ei av dei beste arealløysingane.

Erfaringa med Finsetunnelen på Bergensbanen viser at dette virkar. Ved å vinterstengja noverande vegstrekkje Dyranut-Skulevika og sommaropna berre frå vest, vil strekninga reinstrekka har, vera heilårsope for villreinen.

Ein Dyranuttunnel aukar også vintertryggleik og -framkomst på Rv 7, til beste for reiseliv og varetransport aust-vest.

Styret i Hardangerviddatunnelene as ber om at ein Dyranuttunnel vert tatt med i førstkomande NTP som tiltak for å sikra framtidsareal til villreinen på Hardangervidda.»