God sommar Hardangerviddavenner

Hardangerviddatunnelene As vil ønskja alle som besøkjer denne sida ein fin sommar 2018. Bruk Rv7 over Vidda og nyt turen.

Me sit og ventar i spenning på hovudkonklusjonane kva høyringane til Konseptvalutgreiinga  (KVU) for Rv 7 Hardangervidda vil fortelja.  Paralellt med dette så ventar me også på kva kontrollørane i PwC kjem fram til i sine konklusjonar frå KS1 (ekstern kvalitetsikring) av KVU Rv 7 Hardangervidda.

Slik framdrifta var sagt skulle vera, så forventa med svar på desse to utfordingane i løpet av juni 2018. Dessverre har me ikkje høyrt noko enno. Ting tar tid.

I ventetida gler me oss over  Nasjonal Turistveg Hardangervidda sin flotte attraksjon og ikonpunkt Vøringsfossen, som skal ha offisiell opning på Fossli 4. juli 2018 med eit stort arrangement.  OG me ser fram til den vidare spektaklulære utbygginga ned til og rundt på Fossatromme.

Det vert ferietid i Hardangerviddatunnelene AS i juli, men viss det er noko viktig så kontakt Leiv Vambheim som er dagleg leiar på telefon 90944980.