Lyttemøte i Samferdselsdepartementet
Tirsdag 28.januar 2025 fekk Hardangerviddatunnelene as koma på besøk i Samferdselsdepartementet. Etter søknad om å få møte Samferdselsministaren, fekk me svar om at Statsekretær Tom Kalsås ville møta oss i eit lyttemøte. Me skulle fortelja og Departementet skulle lytta til bodskapen vår. Frå Departementet møtte også Utredningsleder Bent E Skogen. Delegasjonen frå Hardangerviddatunnelene as: Petter Rukke, styreleiar; Timo Knoch, styremedlem/ordførar i Eidfjord; Jens Olav Holven, styremedlem/ordførar i Ulvik; Oddvar Svendsen, styrevaramedlem/ordførar i Nore og Uvdal; Finn Arne Sundbrei, styrevaramedlem/dagleg leiar av Sundbrei Transport ; Leiv Vambheim, dagleg leiar.
På møtet presenterte styreleiar Peter Rukke oppdraget selskapet har frå dei 6 eigarkommunane: Hol, Eidfjord, Ål, Nore og Uvdal, Ulvik, Ullensvang: «Selskapet har som hovedformål å bygge miljøtunneler over Hardangervidda. Tunneler vil gi sikker helårsvei øst-vest, åpne arealkorridorer for villreinen sør-nord og sikre totalberedskapen mellom Vestlandet og Østlandet.» Han viste trafikkutviklinga på fjellovergangane der Hardangervidda no har 25 % av aust-vest-trafikken (Hemsedal har 25 % og Haukeli har 31 %). Han viste til den utryddingstrua villreinstamma og til den påtrengande nødvendige sikringa av beredskapen aust-vest. Hardangervidda er kortaste og mest energieffektive høgfjellsvegen mellom Austlandet og Vestlandet. Elbilsatsinga i tungtransporten samt krav om køyre/kviletid i Transportnæringa er avhengig av vintersikker Hardangervidda. Reiselivsatsinga i Hallingdal og Hardanger treng snarast trygg vinterveg. Svaret på dette er å byggja tunnelar på Hardangervidda. Forslaget er 5 kortare tunnelar med oppstart av første steg som er Dyranuttunnelen på 6.25 km i vest. Denne vil gje raskaste løysing for trafikantar, villrein og beredskap. Møtedeltakarane suplerte styreleiaren med lokalkunnskap og transportkunnskap og villreinkunnskap.
Bodskapen var enkel: Vår tur no: (Jamfør oppdragsbrev for Hordalandsdiagonalen)
•Samferdselsdepartementet viser til Statens Vegvesen sin Kvalitetsutredning (KVU) av Rv 7 Hardangervidda av 2015 med påfølgende ekstern Kvalitetssikring (KS1) av 2018 og ser ikke behov for nye utredninger.
•Samferdselsdepartementet legger til grunn at den videre planleggingen av Tunneler på Rv 7 Hardangervidda skal ta utgangspunkt i konseptet K2 (korte tunneler) og at Statens Vegvesen snarest skal starte utredning og planlegging av konseptet samt prioritering av første fase, som er K2 Redusert (Dyranuttunnelen) som er anbefalt av Statens vegvesen.»
Statsekretær Tom Kalsås takka for oppdateringa og peika på selskapet har ein viktig rolle med fokus på trafikk, villrein og beredskap. Det er klokt å skaffa brei oppslutning om tunnelear på Hardangervidda for å få gjennomslag sentralt. Han avslutta med at denne regjeringa vil prioritera dei samferdselsprosjekta som er bestemte for utbygging i Nasjonal Transportplan.