Rv 7 Hardangervidda har mest trafikkauke av dei 5 hovudvegane aust-vest i 2017
Diagrammet sett nedanfrå:
Raud: Hol-Aurland ; Blå: Filefjell ; Gul: Hardangervidda ; Grå: Hemsedalsfjellet ; Mørk blå: Haukelifjell
Tala frå Statens Vegvesen si trafikkregistrering i 2017 er klare. For Hardangerviddatunnelene AS er det sjølvsagt mest interresant å sjå korleis trafikken har utvikla seg på Vidda og samanlikna det med utviklinga på dei andre 4 fjellovergangane aust vest. Me har forstått at 2017 var eit «normalt» år for Hardangervidda med vinterstenging/kolonnekøyring. I sommarmånadane hadde stenginga av Eidfjordtunnelen nok ein viss avvisingseffekt på trafikkantane. Men så var det også naturleg litt problemer på andre aust-vest, så samanlinkninga bør vera representativ for trafikantane sine vegval aust -vest i 2017. Rv 7 Hardangervidda hadde Årsdøgnstrafikk (ÅDT) på 1224, ein auke på 6.3 % frå 2016. Dette er den største auken for alle 5 fjellovergangane. Rv 52 Hemsedalfjellet hadde 2,5 % auke frå 2016. Dei 3 hovudvegane aust-vest har 81 % av den totale trafikken i 2017. Fordelinga jamnar seg ut: 24,7 % nyttar rv.7 Hardangervidda, 26.4 % nyttar rv.52 Hemsedalsfjellet og 29,4 % nyttar E 134 Haukelifjell. Dei 4 vegane nord for sentralvidda har 70,5 % av aust-vest – trafikken. For trafikken Oslo – Bergen kjem hovudtyngda inn på E 16 Voss – Bergen.
Sjå også Dokumentasjon på denne heimesida: Hallingdølen 23.01.2018: Gjorde eit godt val.
Slik er tala frå Statens vegvesen for 2017:
ÅR/ÅDT | Filefjell | Hol-Aurland | Hemsedal | Hardangervidda | Haukeli |
2012 | 654 | 348 | 1232 | 759 | 1411 |
2013 | 675 | 338 | 1138 | 929 | 1438 |
2014 | 863 | 298 | 1246 | 976 | 1436 |
2015 | 1070 | 298 | 1280 | 1087 | 1475 |
2016 | 923 | 291 | 1276 | 1151 | 1597 |
2017 | 677 | 292 | 1308 | 1224 | 1460 |