Regjeringa vurderer tunnelar på RV 7 Hardangervidda?
Slik kan me ikkje ha det. Stenging og kolonnekøyring , timevis venting og kanskje framtidig vinterstengt Hardangervidda? Kvifor vil ikkje Regjeringa ha tunnelar på Hardangervidda?
Villreinmeldinga 2023 – 2024. Regjeringa har lagt fram Villreinmeldinga til Stortinget. Her står det at Regjeringa vil:
«Utgreiing av tunnel-løysningar som betrar tilstanden for villrein skal inngå i all planlegging, der det er relevant. Kostnader og forventa nytte for villreinen og samfunnet skal på vanleg måte avvegast ved relevante avgjerdspunkt. Gjenoppta prosjektet med mellombels vinterstengd riksveg 7 over Hardangervidda når det er kontroll med skrantesjuke i Nordfjella og på Hardangervidda. Kostnader og konsekvensar vil bli vurderte.»
Nasjonal transportplan 2025-2036
Hardangerviddatunnelene as har som målsetjing å få Dyranuttunnelen inn i teksten i NTP 2025-2036. Om Rv 7 Hardangervidda står det no at strekninga «Svenkerud – Bu» er målretta utbetringsstrekning. Dette gir håp om viktige tiltak som Dyranuttunnelen vert tatt inn som komitemerknad til denne NTP-en. No må alle som ønskjer vintersikker Rv 7 Hardangervidda trykkje på for å få merknad med:
«Rv 7 Hardangervidda.
*Komiteen er kjend med at kommunane Eidfjord, Hol, Ål, Nore og Uvdal, Ulvik og Ullensvang arbeider med tunnelløysing på Rv 7 Hardangervidda for å skapa ein meir vintersikker veg for trafikantane, sikra betre levekår for villreinen og betra samfunnsberedskapen.
*Komiteen ber om at gjennomført KVU for Rv 7 Hardangervidda vert kvalitetsikra med ein ny KS 1 snarast, då føresetnadane i KS 1 frå 2018 er endra.
*Komiteen føreset at det vert arbeidd vidare med planane med tanke på finansiering og realisering av konseptet K2 (Korte tunnelar).
*Komiteen ber om at Dyranuttunnelen (K2 Redusert) vert tatt med i NTP 2025-2036 med bygging i planperioden.»