Nytt styre ønskjer God jol og godt nyttår

Nok eit år er snart over. Hardangerviddatunnlene as har også i 2023 aktivt prøvt å få tunnelar på Hardangervidda fram i folk og styremakter sine tankar. Hovudfokus har no vore på Villreinen på Hardangervidda, at tunnelar og særleg Dyranuttunnelen er kinderegg med effekt både for villrein og traffikantar. Gjennom fleire mediasaker har Hardangervidda vore framme og selskapet har fortalt kor nødvendig tunnelar vil vera for framtida til villreinen og trafikktryggleiken til traffikantane. Villreinmeldinga, som no skal til Stortinget, har eit av dei tilrådde tiltaka å byggja tunnelar på RV 7 Hardangervidda. Då får villreinen tilbake unytta areal mellom Rv 7 og Bergensbanen. Eit anna transportmoment, som pressar på, er at Lærdalstunnelen skal nattestengjast i 5 år frå 2025. Då er den viktigaste omkøyringvegen for trafikken aust-vest Rv 7 Hardangervidda. Truleg vil her bli 50 % trafikkauke. I januar 2024 er Transportkomiteen på Stortinget på reise i Hallingdal og då vil tunnelar bli sett på dagsorden.

Hardangerviddatunnelene as hadde den 12.12.24 Ekstraordinær Generalforsamling med utsett styreval til etter nye kommunestyre hadde konstituert seg. Nytt Styre :

1.Leiar: Petter Rukke, Hol (ikkje på val)
2.Nestleiar: Kari Lægreid, Eidfjord (ny)
3.Timo Knoch , Eidfjord (ny)
4.Solveig Vestenfor, Ål (attval)
5.Hanne Håtuft Hol (ikkje på val)
6.Hans Petter Thorbjørnsen Ulvik (ikkje på val)
7.Einar Lutro (Aksjonsgruppa) (ny)

Personlege varamedlemmer:

1.Inger Britt Vindegg Hol

2.Anett Viveli Eidfjord

3.Bjørn Lægreid Eidfjord

4.Oddvar Svendsen Nore/Uvdal

5.Martin Grøslandsbråten Hol

6.Roald Aga haug  Ullensvang