PÅSKEN 2023

Vel overstått påsken 2023. Rv 7 Hardangervidda vore svært viktig for påsketrafikkantane også denne påsken. Dei 11 dagane frå fredag før Palmehelga til 2. Påskedag har det på teljinga til Statens vegvesen, ved Lappesteinen, passert gjennomsnittleg 2636 bilar i døgnet. Størst var trafikken 1. Påskedag med 5609 bilar. Dette betyr igjen at Rv 7 har svært stor trafikantprioritering. Dessverre vil framleis ikkje Vegstyresmaktene prioritera denne vegen.

Veret vart dårlegare 2. påskedag, og tysdag etter påske opplever trafikantane både stenging og kolonnekøyring. Vestsida av Vidda er tøffast, og ein Dyranuttunnel vil stort forbetra trafikktryggleik og framkomleg vinterveg.

Dessverre er det ingen samanliknande målingar på E 134 Haukellifjell eller Rv 52 Hemsedalsfjellet.