Trafikktal

TRAFIKKTALA FOR APRIL 2023 RV 7 HARDANGERVIDDA

Trafikktala for april 2023 på Rv 7 Hardangervidda ved Lappesteinen viser ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1374 bilar. Helgetrafikkne var på 1721 bilar og yrkedagane 1109 bilar. Av desse var det gjennomsnittleg 70 store køyretøy over 12.5 m, medan yrkedagane hadde 102 store. Av personbilar var det sjølvsagt påsketrafikken som drog mest opp. Samanlikna med 2022 (også påskemånad) var det auke på vel 100 bilar i døgnet.

Dessverre så er det ikkje teljing på E 134 Haukelifjell og Rv 52 Hemsedalsfjellet, så me har ikkje referanse til trafikkne der, men konstaterer at Rv 7 Hardangervidda aukar kontinuerleg.