August-trafikk i 2022 er på vel 3000 bilar i døgnet.

Trafikktala for august 2022 er gode for Hardangervidda. Det passert den månaden gjennomsnittleg 3007 bilar kvart døgn. Me har merka det på gjennomgangstrafikken i Eidfjord at svært mange i sommar vel Rv 7 på si ferd mellom Vestlandet og Austlandet. Tungbiltrafikken er også betydleg med 178 bilar over 12.5 meter i døgnet. Dessverre så har ikkje Statens Vegvesen augusttal for Rv 52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukelifjellet, så ein får ikkje samanlikna. Trenden er nok at stadig fleire vel Rv 7 som er den kortaste, mest lettkøyrde og opplevingsrikaste vegen. Dessverre så forventar ein framkomstproblem på Vidda også denne vinteren. Men med Presis Vegdrift som nye «kostar» på Hardangervidda og digitale brøytestikker, så vil tryggleik og framkomst auka og av-visingseffekten minka.

Dessverre er det også at Statens Vegvesen og Samferdselsdepartementet nektar å satsa på Rv 7 Hardangervidda. Mistanken er at gode tunnelar på Vidda vil det medføra trafikkoverføring frå andre prestisjeprosjekt. Me kan ikkje ha det slik at den vegen trafikantane prioriterer vert nedprioritert hos vegstyresmaktene.