Arendalsuka 2022

Hardangerviddatunnelene deltok for første gong på Arendalsuka. Interessant lærdom å ta med seg. Stand sentralt på Torvet. Mange ulike folk å snakka med, fortelja om tunnelbehovet på Hardangervidda, dela ut brosjyrer og få ut bodskapen.

«ALLE» var der. Poltitikarar, næringsliv, faglege organisasjonar og ikkje minst dei utallige ulike frivillige lag og organisajsonar.

Det er nok viktig å vera tilstades i politiske debattar og aktuelle foredrag for å kjenna pulsen på kva tema som vert sett på kartet og kven aktørar som er mest frampå. Nyttig å få oppleva og delta. Mellom anna så stilte Ordførar i Ål, Solveig Vestenfor, spørsmål om prioriteringar i vegsektoren til Vegdirektøren. Svar»Utbetra vegane der ein kan og byggja nytt der ein må.» Det må lova bra for utbetring av Rv 7 med Dyranttunnelen på Hardangervidda.

I Samferdselsteltet hadde vegselskap høve til eigne debattar , som var også greitt å få med seg. Der får ein sett prosjeka sine på dagsorden.

ME KJEM ATT.