God Jol og God nyttår.

Styret og dagleg leiar i Hardangerviddatunnelene as ønskjer med dette alle tilhengjarar av tunnelear på Hardangervidda ei roleg jol i 2021 og eit nyttig nyttår i 2022.

Arbeidet med å få godkjent ein KVU i Samferdselsdepartementet dreg ut. Me har venta sidan før jol i 2018 og misser ikkje håpet. Sjølvsagt er me utolmodige på å få starta opp med planlegging og byggjestart på første tunnelen. I tråd med tilrådinga frå Statens vegvesen i KVU for Rv 7 Hardangervidda satsar ein fullt på å få byggja Dyranuttunnelen på 6,25 km mellom Skulevika og Gjero. Denne tunnelen vil skapa naturleg vinterovergang for villreinene og betra vintertryggleiken for bilistane og redusera trongen for kolonne og stenging med opp til 80 %. Brøytestrekninga Haugastøl – Leiro i dag er over 4 mil og verste partia er generelt frå Skulevika til Krossdalen.

Trafikkstatistikken viser frå 2013 eintydig aukande bruk av Rv 7 Hardangervidda som prioritert Fjellovergang. Sommarstid er det den mest nytta aust-vest-vegen. Det er den usikre vinterstida med stenging og kolonnekøyring som er problemet for å velja Vidda.

Selskapet Hardangerviddatunnelene as vil også i 2022 halda trykk på å få KVU-vedtak og planoppstart. Me inviterer alle brukarar og Rv 7 Hardangervidda om å ropa høgt med oss.