Trafikktala for Juni og Juli 2021 Statens vegvesen

Trafikkteljingane for juni og juli 2021 viser at rv 7 Hardangervidda toppar statistikken for månadsdøgntrafikk for fjellovergangane i SørNoreg med gjennomsnitt 31 % av trafikken.

I Juni 2021 går 67 % av Trafikken nord for Hardangervidda (Rv7, Rv52, Fv50, E16) og 33 % på E134. I Juli 2021 går 73 % av trafikken på nordaternativa og 27 % på på E 134. Rv 7 Hardangervidda hadde i juni 27 % av aust-vest-trafikken og i juli 33% av denne trafikken. Dette fortel oss at rv 7 er hovudvalet for persontransport og reiseliv. Med tunnelar på Hardangervidda ville denne traseen for aust-vest-trafikken blitt trafikantprioritert på vinterstid også og gitt heilårsturisme for destinasjonane Hallingdal og Hardanger.

Tungbilane >12,5 meter prioriterer også nordalternative aust-vest med 69% i juni og 73 % i juli. I eit normalår ville nok turistbussane gitt høgare tal. Av totalen går 22-23 % av tungtrafikken på rv 7 Hardangervidda .

www.vegvesen.no/trafikkdata/start/kart viser sllike tal:

Juni 2021 Juli 2021

Rv 7 Hardangervidda 1872 mdt 4152 mdt

Rv 52 Hemsedalsfjellet 1342 mdt 2583 mdt

E 16 Filefjell 807 mdt 1613 mdt

Fv 50 Hol-Aurland 315 mdt 799 mdt

E134 Vinje kyrkje (Vågsli ute) 2202 mdt 3413 mdt

Andre relevante teljingar:

Rv 13 Hardangerbrua 2835 mdt 5460 mdt

Rv 7 Geilo øst 4312 mdt 6437 mdt

Rv 7 Flå 5683 mdt 8638 mdt