Kvar er Hyttevegen? Helgetrafikk fjellovergangane aust-vest.

Me ujamne mellomrom kan me lesa påstanden om at rv7 Hardangervidda er hyttevegen for Bergensarar og ikkje ein viktig heilårs fjellovergang for landet. Denne myten står seg ikkje.

Ved å plukka fram statistikk for fjellovergangane aust-vest og sjå på helgetrafikk i forhold til totaltrafikk på teljepunkta sine månadsdøgntrafikk, så viser det seg at alle fjellovergangar har gjennomsnittleg større helgetrafikk. Det er fylkesveg 50 Hol Aurland som har relativt størst helgetrafikk og Rv 52 Hemsedalsfjellet med lågaste tal. Vintermånadane er det særleg påsketrafikken som slår ut ,og då kan også helgetrafikken vera lågare enn totaltrafikken.

Trafikktala viser slik prosentvis størst helgetrafikk:

Rv 7 Hardangervidda: +15 % i juni 2019 (ikkje tal for 2020)

Rv 52 Hemsedalsfjellet: +22 % i  august 2020

E 16 Filefjell: +19 % i juni 2020

Fv 50 Hol Aurand : +85 % i mars 2020

E 134 Seljestad: +17 % i januar 2020

E 134 Haukelifjell: +18 % i mars 2020

Ved å gå inn på www.vegvesen.no/trafikkdata/start/kart for å få full oversikt.