Trafikkstatistikk for august 2020

Dessverre så har Statens Vegvesen enno etter 5 månader ikkje funne eitt prioritert dagsverk for å reparara målestasjonen Lappesteinen på rv 7 Hardangervidda, trass 3 puringar og tilbod om konstnadsdekning. Dette teljepunktet er avgjerande for selskapet Hardangerviddatunnelene sin dokumentasjon på trafikken.

For rv 7 Hardangervidda ved teljepunkt Lappesteinen  var det i 2017: 2472 MDT, for 2018:  2577 MDT, for 2019 var det 2586 MDT. Dei fleste teljepunkta rundt Hardangervidda viser nedgang frå august 2019 til august 2020.  Slik utviklinga har vore for rv 7 Hardangervidda siste åra går me  ut frå nokolunde same trafikktal i 2020 som i 2019. Mogeleg også her eit par prosent nedgang til 2571 MDT?

Tala kan tolkast som at rv 7 er på trafikknivå med E 134,  og 50% meir trafikk enn rv 52.

MDT = Gjennomsnittleg dagleg Måndasdøgntrafikk.

Augusttala frå dei andre fjellovergangar aust-vest er slik:

E 134 Haukelifjell : 2488 MDT  (-8 %)

Rv 52 Hemsedalsfjellet: 1738 MDT (-6%)

Rv 50 Hol Aurland: 544 MDT (-2 %)

E 16 Filefjell: 1113 MDT (+6 %)

Nokre andre augusttal 2020:

Rv 13 Hardangerbrua: 3678 MDT  (-2 %)

Rv 7 Bu aust: 3428 MDT (-2%)

Rv 7 Geilo øst: 4924 MDT  ( 0%)