Trafikkstatistikk for august 2020
Dessverre så har Statens Vegvesen enno etter 5 månader ikkje funne eitt prioritert dagsverk for å reparara målestasjonen Lappesteinen på rv 7 Hardangervidda, trass 3 puringar og tilbod om konstnadsdekning. Dette teljepunktet er avgjerande for selskapet Hardangerviddatunnelene sin dokumentasjon på trafikken.
For rv 7 Hardangervidda ved teljepunkt Lappesteinen var det i 2017: 2472 MDT, for 2018: 2577 MDT, for 2019 var det 2586 MDT. Dei fleste teljepunkta rundt Hardangervidda viser nedgang frå august 2019 til august 2020. Slik utviklinga har vore for rv 7 Hardangervidda siste åra går me ut frå nokolunde same trafikktal i 2020 som i 2019. Mogeleg også her eit par prosent nedgang til 2571 MDT?
Tala kan tolkast som at rv 7 er på trafikknivå med E 134, og 50% meir trafikk enn rv 52.
MDT = Gjennomsnittleg dagleg Måndasdøgntrafikk.
Augusttala frå dei andre fjellovergangar aust-vest er slik:
E 134 Haukelifjell : 2488 MDT (-8 %)
Rv 52 Hemsedalsfjellet: 1738 MDT (-6%)
Rv 50 Hol Aurland: 544 MDT (-2 %)
E 16 Filefjell: 1113 MDT (+6 %)
Nokre andre augusttal 2020:
Rv 13 Hardangerbrua: 3678 MDT (-2 %)
Rv 7 Bu aust: 3428 MDT (-2%)
Rv 7 Geilo øst: 4924 MDT ( 0%)