Dessverre – Statens vegvesen viser ikkje trafikkdata for Rv 7 Hardangervidda

Den 21 augist opnar Nasjonale Turistvegar trappebrua ved Vøringsfossen. Imponerande byggverk i prosjektet Turistveg Hardanger.

Nett no , i  tida før feriestart verkar trafikken på rv 7 Hardangervidda stor, og me stipulerer at 25 % av dette er tungtrafikk. Stengingar både på E 134 og E 16 ser ut å flytta trafikk. Men me har ikkje tal. 

Dessverre er det ikkje mogeleg å fortelja om trafikkutviklinga siste kvartal for Rv 7 Hardangervidda. På Trafikkdata hos Statens vegvesen er det ikkje registrert teljingar ved Lappesteinen sidan mars 2020. Me har meldt dette til SVV eit par gonger , men framleis får me ikkje data frå Lappesteinen. Håpar dei finns og kan presenterast. Tal for trafikken på Hardangervidda er viktig for dokumentasjon på det me opplever som aukande bruk av Vidda nå vegen er open.

Dessverre er det enno ikkje kome svar frå Samferdselsdepartementet/Regjeringa med beslutning om å velja K2  (korte tunnelar) som framtidig løysing for vinterregulaiteten på Hardangervidda – for reinsdyr og trafikanta. KS1 vart levert før jol i 2018, og 1   1/2 år  burde vore nok tid til sakshandsaming – om viljen er tilstades. Eit vedtak no før NTP vil bety at ein kan starta planlegginga både i kommunane og i SVV  og så få midlar i handlingsplanen til NTP.

Elles så er selskapet Hardangerviddatunnelene AS operativt, ved godt mot og har tru på at Regjeringa føl opp vedtaket om Funksjonsfordelinga rv7/rv52.

ØNSKJER ALLE LESRANE AV DENNE SIDA GOD SOMMAR OG GOD TUR OVER HARDANGERVIDDA.