Brev til Vestland Fylkeskommune om uttale til NTP 2022-2033.

Vedrørande Fylkesrådmannen sitt framlegg til NTP 2022-2033.

Viser til framlegg frå Fylkesrådmannen i Vestland Fylke.

Pkt 6 g.  Fylkestinget vil prioritere rv. 52 og E134 som hovudsamband mellom austlandet og vestlandet. I første omgang må E134 Vågslid-Røldal inn i Nasjonal transportplan 20222033, og det bør startast reguleringsplanlegging for strekninga E134 Bakka- Solheim. Vidare viser fylkestinget til regjeringa si avgjerd om å prioritere rv. 52 som hovudsamband for tungtransport og rv. 7 for personbiltrafikk og turisme. Det er behov for ein vidare utviklingsstrategi for oppgradering av dei to sambanda, og det bør avsetjast midlar til strekningsvise utbetringstiltak for å betre vinterregulariteten.

Pkt 6 m. Fylkestinget viser til Øst-vest-utgreiinga der det blir rådd til å gjennomføre ein konseptvalutgreiing for ein diagonal mellom E134 og Bergensområdet («Hordalandsdiagonalen»), og ber om at dette arbeidet vert starta opp.

Slik kan det ikkje vedtakast.

Hardangerviddatunnlene as har sendt brev til Fylkesordførar Jon Askeland med slikt innhald:

Det kan vel ikkje vera riktig at Vestland Fylkeskommune framleis viser til Øst-Vest-utgreiinga av 2015 som hovuddokument for trasevalg E 134 og rv 52, med krav om Hordalandsdiagonal. (jf pkt g. og m.)
Funksjonsfordelingsvedtaket rv 52/rv7 av 2017 (jf Meld. St 33 2016-2017 NTP 2018-2029) er gjeldande vedtak.
Øst-vest-utgreiinga ei tilråding frå Statens vegvesen, som Stortinget altså ikkje går inn for. Denne utgreiinga føreset nedprioritering av Hardangervidda med 65 % bortfall av trafikken over vidda, noko som Vestland Fylkesting vel ikkje vil ha som offisiell politikk?

Trafikantprioriteringa viser i følgje ÅTD frå 2019 at Fjellovergangane i Sør-Noreg har slik trafikkfordeling: E 134 Haukelifjell har 30,7 % , Rv 52 Hemsedalsfjellet har 25,8 %, Rv 7 Hardangervidda har 24,2 %, E 16 Filefjell har 13,3 % og Fv 50 Hol-Aurland har 6 %».

Hardangerviddatunnlene As ber med bakgrunn i dette, omskriving av punkta g. og m.

g. Fylkestinget vil prioritere rv. 52/7 og E134 som hovudsamband mellom austlandet og vestlandet. Dette er i tråd med regjeringa si avgjerd i 2017 om å prioritere og funksjonsfordele rv. 52 som hovudsamband for tungtransport og rv. 7 for personbiltrafikk og turisme, saman med E 134 og E 16. E 134 Vågslid-Røldal må inn i Nasjonal transportplan 20222033, og det bør startast reguleringsplanlegging for strekninga E134 Bakka- Solheim. For rv 52/7 er det behov for ein utviklingsstrategi for oppgradering av dei to sambanda, og det må avsetjast midlar i 2022-2027 til planlegging av tunnelar på for å betre vinterregulariteten og sikra leveområda til villreinen.

m. Fylkestinget tilrår å gjennomføre ein konseptvalutgreiing for ein diagonal mellom E134 og Bergensområdet («Hordalandsdiagonalen»), og ber om at dette arbeidet vert starta opp.

Eidfjord/Hol 28.04.2020
Leiv Vambheim – dagleg leiar
For
Petter Rukke                                                Anders Vatle
Styreleiar/Ordførar i Hol kommune      Nestleiar/Ordførar i Eidfjord kommune