Hardangerviddatunnelar i Nasjonal Transportplan?
Hardangerviddatunnelene har også merka koronatida. Karantene og heimekontor har vore status så langt.
Trafikkstatistikken fortel også om redusert reising så langt i år grunna både uver med stengte vegar og opprydding og i mars også koronareiseforbod. Statistikken viser at nå rv 7 Hardangervidda har fri fredsel mellom stengingane, så finn mykje trafikk tilbake. Dette tolkar me klart som at trafikantar prioriterer fjellovergangen Rv 7.
Arbeidet med NTP (Nasjonal Transportplan) går sin gang trass forsamlingsforbod. Hardangerviddatunnlene har sendt inn høyringsdokument både til Viken Fylkeskommune og Vestland Fylkeskommune. Sjå desse under fana Dokumentasjon.
Bodskapen er:
Hardangerviddatunnlene as tilrår og forventar at Dyranuttunnelen og Lågahætunnelen, som ein del av Konsept K2 (korte tunnelar), på rv 7 Hardangervidda vert prioriterte i NTP 2022-2033, første periode.
Kostnad er stipulert av Statens Vegvesen til 3 mrd kr.