Trongen for Dyranuttunnnelen viser seg i vinter.

Så langt i vinter frå desember til no har rv 7 Hardangervidda vore stengt eller hatt kolonnekøyring i fleire hundre timar. Trafikktala for januar viser at månadsdøgnstrafikken (MDT) kun er på gjennomsnittleg 222 bilar i døgnet, av dette 46 tungbilar i døgnet . Dette er halvparten av trafikken i januar 2019. Av-visingseffekten av stengingsregiment er tydeleg.

Veret kan me ikkje gjera noko med. Brøyte- og fresemannskapet gjer ein svært god jobb, men har kontrakten mellom Statens Vegvesen og kontraktøren avtala nok utstyr og mannskap til å halda vidda meir open? Det er mange timar med opprydding etter stenging.

Ein  Dyranuttunel er første steg på arbeidet med korte tunnelar OG vil redusera stenging/kolonnekøyringa monaleg. DESSUTAN vil tunnlen gje villreinen ein sårt etterlengta overgang til å ta større del av vidda i bruk.

Litt januartal:

Rv 7 Hardangervidda 222 MDT (20 % tungbilar)

Rv 50 Hol Aurland 149 MDT ( 15 % tungbilar)

Rv 52 Hemsedalsfjellet 917 MDT (32 % tungbilar)

E 16 Filefjell 609 MDT (36 % tungbilar)

E 134 Haukelifjell 839  MDT (23 % tungbilar)