Årsdøgntrafikken på Rv 7 Hardangervidda aukar og aukar.

Årsdøgntrafikktala  (ÅDT) for 2019 frå Statens vegvesen er klar . ÅDT er gjennomsnittlege passeringar pr døgn i året.

Trafikken på Hardangervidda aukar  frå 1288 ÅDT i 2018 til 1369 ÅDT i 2019. (I dette talet er ikkje April -påsketrafikken – registrert. ) Dette er ein vekst på 6,3 % . I 2017 var det 1224 ÅDT.

Vedlagde tabelloversikt er laga av Hardangerviddatunnene. Det viser månadsdøgntrafikk gjennom året (MDT). Her er det ein del å merka seg før ein byrjar å samanlikna: I registeringane til SVV  så manglar det ÅDT registerering for Rv 7 i April og RV 52 i oktober, november, desember. SVV sin tal korrigerer ikkje for det  (sjå ÅDT frå SVV). For å få eit noko reelt samanlikningsforhold, så har eg lagt inn 2018-tala (tal i kursiv med strek under) i desse uregistrerte månadane for Rv 7 og Rv 52.

Ser ein på ÅDT for Fjellovergangane i SørNoreg så er de t 4 % vekst på E 134 Haukelifjell med 1672 Ådet i 2018 og 1736 ÅDT i 2019. Rv 52 Hemsedalfjell manglar som sagt registeringar i okt, nov,des og får 1454 ÅDT i 2019 mor 1317 ÅDT i 2018. Men om ein korrigerer med 1018-tala, så har Rv 7 no passert rv 52 i Årsdøgnstrafikk. Det var også forventa.

I tabellen er også lagt inn tala for Hardangerbrua og Geilo øst.

I Statens vegvesen sine regisrestreringar finn ein ogs tal for tunge køyretøy. Slik er ÅDT-tala for desse i 2019:

Rv 7 Hardangervidda 273 av 1369 utgjer 20 %

Rv 52 Hemsedalsfjellet 383 av 1454 utgjer 26 %

Rv 50 Hol Aurland 34 av 337 utgjer 12 %

E 16 Filefjell 172 av 750 utgjer 23 %

E 134  Haukelifjell 376 av 1736 utgjer  22 %

R 13  Hardanegrbrua 375 av 2171 utgjer 17 %

Rv 7 Geilo øst 476 av 3266 utgjer 15 %