Reduserte bompengar på Hardangerbrua styrkjer rv 7 Hardangervidda
Stadig fleire signal og resultat styrkjer forventningane om tunellar på rv 7 Hardangervidda.
Forslaget til statsbudsjett og bompengar. Staten betala større avdrag på Hardangerbrua, og bompengane går ned frå 01.01.2020 til Kr 92,60/360 ( takstgruppe 1/2 med Autopass). Det vil det ytterlegare redusera avvisingseffekten frå trafikantane til å velja rv 7 Hardangervidda som aust-vest-hovudveg. Reduserte bompengar styrkjer igjen den trenden, som me har sett sidan 2013, at Vidda tek meir og meir av aust-vest-trafikken. Transportanalysen som Helge Hopen la fram på Rein Vidde konferansen på Geilo 1.april 2019 underbyggjer dette. Prognosane hans estimerer at rv 7 Hardangervidda allereie i 2030 har like stor trafikk som E 134 Haukelifjell. Dette vonar Hardangerivddatunnelene AS sentrale styresmakter vil merka seg og no henta fram tilrådinga frå Statens Vegvesen om å byggja tunnelar på Hardangervidda. Men me er avhengige av ei vedtak i Samferdselsdepartementet om å satsa på konseptet K 2 ( 5 korte tunnelar) som startar med Dyranut-tunellen. Før dette kan verken kommunar eller vegevesen starta planleginga.
Hardangerviddatunnelene AS forventar at den vedtekne Funksjonsfordelinga mellom trafikken mellom rv 7 Hardangervidda og rv52 Hemsedalsfjellet vert følgt opp med Konseptvedtaket K2 før jol 2019 og midlar i NTP 2022-2033. Dette har snart lege eitt år i departementet. Funksjonsfordelinga med næringstransport/tungbilar på rv 52 og personbilar/ reiselivtransport/bussar på rv 7 er beste løysinga for alle partar. Sjølv om tungbilandelen stadig aukar på Hardangervidda har Måbødalen og Kvislabakkane sine begrensingar, og rv 52 Hemsedalsfjellet er prioritert av lastebilnæringa sjølv.