Fjellovergangen Rv 7 Hardangervidda befestar stillinga si.
No er trafikktala for Fjellovergangane i SørNorge klare frå Statens Vegvesen. Desse tala bekreftar at Rv 7 befestar stillinga si som ein hovudveg aust-vest også i august 2019. Det er tydeleg at trafikantane prioriterer Hardangervidda når det er gode stabile køyreforhold og då er trafikken på Rv 7 på nivå med E 134.
Rv 52 Hemsedalsfjellet har omlag 30 % lågare trafikk i august 2019 enn Rv 7 Hardangervidda.
Dessverre vart det ikkje teljing på Rv 7 Hardangervidda i april då påsketrafikken var på sitt største.
Dessverre er det heller ikkje teljingar på E 134 i juni, juli og august. Det er uvisst kvifor dette skjer. MEN Dersom ein ser på E 134 i desse 3 månadane i 2018, så har E 134 ca 12 % større trafikk samanlikna med Rv 7 Hardangervidda i 2018. Ein kan vurdera det slik at desse fjellovergangane har stabil trafikkfordeling sommarstid.
Månadsdøgntrafikk 2019 Fjellovergangar SørNoreg t.o.m. august
Rv 7 Hard.vidda RV 52 Hemsedalsfjell Rv 50 Hol Aurland E 134 Haukelifjell E 16 Filefjell
Jan 449 804 152 802 0
Feb 761 1014 177 1192 602
Mars 710 1018 193 1075 569
April 0 1366 261 1418 67
Mai 1574 1287 272 1418 605
juni 2016 1705 442 0 926
Juli 3307 2538 733 0 1441
Aug 2583 1855 534 0 1053
0 betyr ikkje trafikkregistrering den månaden.