Hardangerviddatunnlar K2 og Bergen-Voss K5 gir kortaste vegen Bergen – Oslo.

Det er av Stortinget 3 -4 vedtekne heilårs hovudvegar aust-vest.  E 16 Filefjell , Rv 52 Hemsedalsfjellet funkjsonsfordelt med Rv 7 Hardangervidda og E 134 Haukelifjell.

E 16 Filefjell er i dag minst stengte fjellovergangen utan bompengar og god standard, men minst brukt av dei 4 høgfjellvegane.

E 134 har no ca 1/3 av trafikken aust-vest og fjellovergangen Haukelifjell og Røldalsfjell har realistiske nødvendige nyttige tunellplanar, som kjem. Hordalandsdiagonalen mellom Kløvet/E134 mot Bergen har alternative ruter om Jondal , med eller utan ny Hardangerfjordbru retning Norheimsund til E 16 Trengereid  eller retning Eikelandsosen til E39 i Os. Sunnhordlandsdiagonalen frå Åkrafjorden til E39 på Tysnes er også eit lansert alterantiv. Ein KVU for ny tilknyting mellom E134 og E39 eller E16 vil avklara føresetnader  og økonomi for desse alternativa.

Rv 7 Hardangervidda er den fjellovergangen som har siste åra har hatt størst trafikkauke som etter prognosane vil halda fram. Dette er klare og viktige trafikantprioriteringar. Trafikktala viser tydeleg at tilførselen til Hardangervidda frå   Hallingdal og Voss er oppdaga av både privatreisande, reiseliv og tungtransport når vidda er open og tilgjengeleg. Dessverre er det slik at før det kjem ein eller fleire tunnelar  på Vidda så har vinterens kolonnekøyring og uverstenging sterkt avvisande effekt.

Vegen frå Bergen på E 16 til Voss, Vidare rv 13 Hardangerbrua til Bu og rv 7 Hardangervidda til Hønefoss og E 39 igjen til Oslo er den framtidige kortaste og mest lettkøyrde vegen aust-vest. Planane for K 5 Bergen- Voss og  K2 korte tunnelar på Hardangervidda vil gje endå tydlegare trafikantprioritering denne vegen. Det er ikkje lenger realistisk å planleggja større trafikkoverføring herifra til andre aust-vest- trasear.