Møte i Samferdselsdepartementet 14. mai 2019
Ein delegasjon frå Hardangerviddatunnelene As og Interesseselskapet IS Rv 7 fekk møta Statsekretær Tommy Skjervold, Andelingsdirektør Hans Einar Nerhus og Bent Skogen i Samferdselsdepartementet den 14.mai 2019 i Oslo.
Hardangerviddatunnelene as og Is Rv 7 har tru på at sakleg informasjon kan gje eit snarleg positivt vedtak om val av konseptet K2 for rv 7 Hardangervidda.
Stortinget bestemt at Rv 7 Hardangervidda skal vera ein hovudveg aust-vest for persontransport og reiseliv, funksjonsfordelt med rv 52 Hemsedalsfjellet for næringstransport.
Målsetjinga med møtet var å be Regjeringa gjera snarleg gjera vedtak i sak om KVU Rv 7 Hardangervidda med konklusjon K2. Då kan Statens Vegvesen starta planlegginga og kommunane Eidfjord og Hol kan starta reguleringsarbeidet.
Hovudutfordringa er vintersikker heilårsveg og tilhøva til reinsdyra på Vidda. Med tunnlar vil begge desse få akseptable løysingar.
Det føreligg frå 2018 to statlege rapportar om Hardangervidda som aust-vestsamband. Konseptvalutgreiinga (KVU) tilrår å satsa på alternativet med 5 korte tunnelar (konsept K2) på Hardangervidda med Dyranuttunnelen som første byggetrinn. Ei konsekvensutgreiing (KS1) om dette seier at ein må vurdera rv 7 i samanheng med funksjonsfordelinga mellom rv 7/rv52. Regjeringa skal ta stilling til ambisjonsnivået for utbygging på rv 7 Hardangervidda med grunnlag i KVU-en.
Fylkeskommunane Hordaland og Buskerud og kommunane langs Rv7 støttar funksjonsfordelingsvedtaket og Korte tunnelar.
Ein Transportanalyse utarbeidd av Sivilingeniør Helge Hopen slår fast at det er rv 7 Hardangervidda som i framtida vil vera den aust-vest-korridoren som vil få størst trafikkauke.