Takk for gode vedtak i Hordaland og Buskerud sine Fylkesting.

Jolagåva til Hardangervidda 2017 kjem frå Fylkestinga i Buskerud og Hordaland i samband med høyring til Handlingsprogrammet av Nasjonal transportplan 2018-2023 (29). Med samrøystes vedtak tilrår Fylkestinga på begge sider av Hardangervidda å flytta avsette 300 millionar kroner frå Vegvesenet sine tenkte tiltak aust for Gol til tiltak for å betra vinterregulariteten og trafikktryggleiken på høgfjellsovergangen mellom Haugastøl og Leiro. Vegstrekkja Ørgenvika – Gol vil vera ein del av framtidig vegpakke Hallingdal.

HARDANGERVIDDATUNNELENE AS ØNSKJER ALLE LESARAR EI RIKTIG GOD JOL OG HÅPAR PÅ GODE VEDTAK OGSÅ I 2018

Buskerud sitt vedtak 6 desember i sak PS 77/17 i pkt 6 lyder slik: «Avsatte 300 mill.kr til rv.7 Ørgenvika –  Svenkerud omdisponeres til å bedre vinterregulariteten på rv.7 over Hardangervidda.»

Hordaland sitt vedtak 13.desember i sak PS 109/17 pkt 9 lyder slik: «Dei strekningsvise midlane på Rv7 kom som oppfølging av KVU for strekninga Gol – Voss, der Regjeringa i etterkant vedtok at Rv7 skulle vere hovudveg for persontrafikk og reiseliv mellom aust og vest. Fylkestinget er på dette grunnlag kritisk til at midlane er føreslått til utbetring av Rv7 langsetter Krøderen. Ut i føremålet med desse midlane bør dei flyttast til tiltak p høgfjellstrekninga over Hardangervidda for åsikre vinterregulariteten og trafikktryggleik.»

Hardangerviddatunnelene As takkar for vedtaka og vil følgja dette opp vidare saman med IS Rv 7 og støttespelarar lokalt , regionalt og nasjonalt.  Hardangeerviddatunnelen AS kan sjå for seg at for 300 mill kr kan ein få bygt Lågehætunnelen på 1,75 km. Dette vil vera første steg på ein tryggare overfart på høgfjellstrekkja Haugastøl – Leiro.