No ventar me på KS1 av KVU Hardangervidda
Styremøtet i Hardangerviddatunnelene AS , den 6. desember 2017 på Geilo, drøfta strategiar for vidare arbeid med tunnelløysingar under Hardangervidda. Selskapet vil koordinera aktiviteten sin med interesselskapet IS Rv 7, interessegrupper og støttespelarar for utbygging av Rv 7 Hardangervidda. Me vil halda fast på det store biletet at Rv 7 Hardangervidda er blitt hovudveg aust-vest for persontrafikk og reiseliv.
KVU (Konseptvalutgreiing) for Hardangervidda vart sett på vent i høve KVU aust-vest, Gol-Voss. No er vedtak om dette gjort, og arbeidet med KS1 (Ekstern Kvalitetsikring av KVU) er sett i gang. Dette arbeidet tek normalt 5-6 månader, så seinast til sommaren 2018 reknar ein med at KS1 er lagt fram. Det er Samferdselsdepartementet som deretter bestemmer vidare skjebne for Hardangervidda.
Kommunane Hol og Eidfjord treng setja i gang arbeid med Kommunedelplanar for heile strekninga Haugastøl-Leiro. Dette er hovudgrunnlaget for vidare prosess med reguleringsplanar for aktuelle tunnelområde.
Med oppfølgjing i Samferdselsdepartementet og velvilje i Direktorat og Vegvesen, om å flytta avsette 300 mill. kr. til tiltak på sjølve Hardangervidda, så håpar me på tunellbygging på Hardangervidda i første del av NTP-perioden med anleggstart i 2021.