Vidare arbeid for Tunnelar under Hardangervidda

1062769 (Bilete henta frå Statens Vegvesen: Rv 7  Hardangervidda KVU Nyhetsarkiv) Selskapet Hardangerviddatunnelene AS har valt ein vidare strategi for arbeidet. Ny dagleg leiar frå 1 september i midlertidig ca 30 % delstilling er Leiv A Vambheim. Han vil ha kontorstad på kommunehuset i Eidfjord. Adressa er Simadalsvegen 1,  attn Eidfjord kommune, 5783 Eidfjord

Styret i Hardangervioddatunnelene AS hadde møte 26 september  2017  og staka opp prioriterte oppgåver etter NTP 2018-2029 der Rv 7 Hardangervidda er vedtatt som ein hovudveg mellom Vestlandet og Austlandet ( Begen Oslo) , prioritert for personbilar og for reiseliv. DETTE MÅ BETY AT HARDANGERVIDDA SKAL VERA VINTERSIKKER HEILSÅRSVEG. Det er utgangspunktet for arbeidet i selskapet. I NTP vert det peika på at KVU-en (konseptvalutgreiinga) for Hardanegrvidda skal leggjast til grunn for vidare arbeid og det må munna ut i ein KS1 (Kvalitetsikring) . Statens vegvesen tilrå i sin uttale til KVU på sikt K2 (Konsept 2 -korte tunnelar) som er 4 korte tunnelar. Dette legg Hardangerviddatunnelene AS no til grunn og ser at lang tunnel ikkje er finansielt realiserbart innan akseptabel tid. I NTP 2018 – 2029 er det tilrådd avsett 300 millionar kroner til første steg på vegen til vintersikker heilårsveg. Hardangerviddatunnelene AS er tydeleg på at desse midlane må nyttast mellom Haugastøl og Leiro for å betra vinterregulariteten.