Trafikken på Rv 7 Hardangervidda aukar og aukar

Årsdøgntrafikken for 2025 målt ved Leiro trafikkstasjon viser at det gjennomsnittleg dagleg går 1705 køyretøy på Rv 7. Dei fleste går vidare over Hardangervidda. Av desse er 99 tunge køyretøy (over 12.5 m). Frå Hardagerbrua opna i 2013 har trafikken over Vidda dobla seg og har auka med omlag 10 % i året. Trafikken over Hardangervidda er om nokre år like stor som trafikken over Haukelifjellet. Dette må få konsekvensar for prioriteringa av vegmidlar. Rv 7 er verstingen med kolonnekøyring og stenging og treng tunnelar for trygg og sikker transport for reiseliv og personar. Taka på tunnelane er nødvendige overgangar for villreinen til nødvendige beiteområdet opp mot Hardangerjøkulen. Utbygginga av tunnelar på Hardangervidda er like viktig for trafikantane som utbygging på E 134.

Andre fjellovergangar hadde slike tal:

Haukelifjell: E 134 ved Vågslitunnelen gjennomsnittleg 1991 køyretøy og av desse 213 tunge.

Filefjell og Rv 52 Hemsedalsfjellet: E 16 ved Borlaugtunnelen hadde 2449 køyretøy og av desse 363 tunge.