Dyranuttunnelen på Rv 7 inn i neste NTP
(Foto Morten Sæle) På Arendalsuka 2025 hadde Hardangerviddatunnelene as eit arrangement på Vestlandsbåten 2025 med fokus på reiselivet sine behov for driftsikker framkomeleg heilårsveg over Hardangervidda. Deltakarane i samtalen var Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland, Reiselivsdirektør Per Arne Tuftin, Ordførar i Eidfjord Timo Knoch og Ordførar i Ål Solveig Vestenfor. Møteleiar var Harald Victor Hove.
To av dei største reislivsregionane i landet Hardanger og Hallingdal har stort potensiale for heilårsturisme dersom dei kan marknadsføra vintersikker Hardangervidde. Slik det er no vert det sesongturisme og tap av sommargjester i Hallingdal og vintergjester i Hardanger, men kan bli ein felles reiselivsregion. Tendensen i reiselivet i Norge no er «Cool location» med varmebølgjer i sør og med attraktive romslege tempererte kule Noreg.
Fylkesordførar i Vestland Jon Askeland var sterk talsmann for reiselivet sin betydning i framtidig regional næringsutvikling og såg vegnettet sin betydning og begrensing. Hardanger har dårlegaste infrastruktur på Vestlandet, og no er det rv 7 sin tur. Vestland Fylkeskommune støttar ei rask realisering av Dyranuttunnellen som boost for reiselivet og omsynet til villreinen. Dyranuttunnelen må inni neste Nasjonal Transportplan er alle einige om.