Stortingsmelding om Villrein 2023

Regjeringa Støre ved Klima- og Miljø-departementet arbeider i 2023 med ei Stortingsmelding om Villreinen i Noreg. Parallelt arbeider Norsk Villreinsenter, på oppdrag frå departementet, med tiltaksplanar for villrein.

Regjeringa inviterer breitt til innspel til Stortingsmeldinga i 2 omgangar , siste no innan 01.10.2023, og Hardangerviddatunnelene as har tillate seg å gje innspel begge gonger. Herunder er teksten som Hardangerviddatunnelene as har sendt Klima- og Miljødepartementet 28.09.2023:

Til

Klima- og miljødepartementet

Naturforvaltningseksjonen

Referanse 23/4675. Innspel til Stortingsmeldinga om villrein. Ny frist 01.10.2023.

Hardangerviddatunnelene as arbeider for sikra heilårs vegtrase over Hardangervidda for villrein og trafikantar med bygging av miljøtunnelar. Selskapet viser til invitasjon og teamsmøte og har følgjande innspel i saka.

Konklusjon:

  1. Dyranuttunnelen vil opna dei viktigaste trekk-korridorane for den siste store europeiske villreinstamma på Hardangervidda og gje reinsdyra tilbake det tradisjonelle livsnødvendige beitearealet mellom Rv 7 og Hardangerjøkulen/Finse.
  2. Dyranuttunnelen vert prioritert i førstkomande NTP og Statens vegvesen startar planlegginga av tunnelealternativa.
  3. Staten ved Klima og Miljødepartementet søkjer EU-midlar til delfinansiering Dyranuttunnelen for at Villreinstamma på Hardangervidda skal overleva og styrkja seg.

Villreinstamma på Hardangervidda er i krise og er lista i raudaste kategori i «Kvalitetsnorma for villrein av 2021».  Regjeringa peikar i invitasjonen til innspel av 26.04.2023 på fleire negative parameter for Hardangervidda som CWD, Bukkeandelen, Slaktevekt /Kalvevekt, Arealtilstand og ikkje minst nødvendig Arealutnytting.

Den norske staten har tatt på seg eit særskilt ansvar for å ta vare på den siste store europeiske villreinstamma, som er på Hardangervidda.

I dag er Riksveg 7 over Hardangervidda ein barriere for reinsdyra sine tradisjonelle trekkruter. Sjå vedlagd oversikt. Viktigaste trekkrutene på Rv 7 er over Høgdesteinen ved Dyranut, mellom Krossdalen og Skulevika. Ein Dyranuttunnel på vel  6 km vil opna desse rutene for villreinen på Hardangervidda, både vinter og sommar, og er ei av dei beste arealløysingane for å gje villreinen tilbake det tradisjonelle livsnødvendige beiteområdet mellom Rv 7 og Hardangerjøkulen/Finse.

Erfaringa med Finsetunnelen på Bergensbanen og tilsvarande tunnelar på høgfjellsovergangar i SørNoreg,  viser at dette virkar.

Norsk Villreinsenter viser til Situasjonen i 2023 mellom anna: Få dyr (stipulert 5000 dyr), låg kalvevekt (13,8 kg), andel eldre bukk pr simle (-34), låg arealutnyttelse (ingen Hardangeervidddarein mellom Rv 7 og Hardangerjøkulen), funksjonelle trekkpassasjar (ulike hinder m.a. vegar). Dyranuttunnelen vil gje villreinen tilbake: 1.Vinterbeite nord for Rv 7, 2.Sommar-og haustbeite rundt Hardangerjøkulen. 3 Utveksling av villreinstammene Nordfjella og Hardangervidda. Viktig er redusert ferdsel i trekkpassasjane.

CWD-problema for Nordfjellareinen er løyste og reetableringa er under arbeid. CWD-funna på Hardangerviddareinen vil snart vera under kontroll.

Hardangerviddatunnelene as hadde møte med villreinjegrar på Hardangervidda vest på Dyranut 23.09.2023. Jegrane er sterkt bekymra for kondisjonen og framtida til villreinen. På møtet viste det seg at villreinjegrane ikkje er informert om at regjeringa i 2023 arbeider med ei Stortingsmelding og Tiltaksplanar for villrein, og dei etterlyser jegrane sin påverknad i vilreinforvaltninga. Jegrane støttar fullt ut arbeidet med snarast å få bygd Dyranuttunnelen.

Ein Dyranuttunnel vil også sterkt redusera verstenging og kolonnekøyring på Hardangervidda og gje vintersikrare fjellovergang på Rv 7, til beste for reiseliv og person- og varetransport aust-vest, i tråd med Stortingsvedtaket om funksjonsfordeling mellom Rv 7 og Rv 52 . Med 100 høgdemeter redusert og kortare veg sparer ein miljø og transportkostnader.

Hardangerviddatunnelen as veit at nye vegprosjekt må inn i Nasjonal Transportplan og oppnå nødvendig prioritering der før det vert løyvd midlar til tiltaket og at planarbeid tar tid. For villreinen på Hardangervidda er situasjonen no så prekær at Dyranuttunnelen må realiserast innan få år.

Hardangerviddatunnelene as forventar at ein Dyranuttunnel vert tatt med i førstkomande NTP eller tatt inn som eige tiltak, for å sikra nødvendig framtidsareal til villreinen på Hardangervidda og at ein søker EU-midlar til delfinansiering.

Hol/Eidfjord 28.09.2023

Med helsing Hardangerviddatunnelene as

Petter Rukke                                                  Leiv Vambheim                 

Styreleiar/sign                                                Dagleg leiar