God jol med gode trafikktal.

(Arkivfoto av Lionsnissen i Eidfjord)

Rv 7 Hardangervidda vert stadig meir brukt av vegfarande på høgfjellsovergangane i SørNoreg. Novembertala i 2022 viser trafikk på 706 Mdt (Månadsdøgntrafikk=gjennomsnittleg bilar i døgnet) som er 5 % auke i høve i fjor. Tungtrafikken utgjer 16 % av desse. Dessverre så har Statens vegvesen ikkje registrering verken på E134 Vågslitunnelen på Haukelifjell eller Rv 52 Bjøberg på Hemsedalsfjellet. Samanlikning med dei to andre viktige høgfjellsovergangane aust vest er dessverre ikkje mogeleg. Trenden har vore trafikkvekst Rv 7 Hardangervidda sidan 2013 og trafikantprioritering er tydeleg. I november 2022 er trafikken på Rv 7 Hardangervidda 52 % større enn på «Stamvegen» E 16 Filefjellstunnelen.

Hardangerviddatunnlene as arbeider år for år målbevisst med å fremja saka om snarast å starta utviklinga for Rv 7 Hardangervidda ved å byggja Dyranuttunnelen. Denne miljøtunnelen, på vel 6 km, vil opna for det viktigaste villreintrekket mellom sør og nordbeita på Hardangervidda, samtidig vil Dyranuttunnelen redusera stenging og kolonnekøyring på høgfjellsovergangen og skapa ein tryggare vinterveg for trafikantane. Rv 7 Hardangervidda er den kortaste og mest lettkøyrde høgfjellsovergangen i sør. Dessverre er det vanskeleg å få gjennomslag for utvikling av Rv 7 Hardangervidda hos Vegvesen og Vegdirektorat som er Samferdselsdepartemente sin rådjevar. Håpet til Hardangerviddatunnelene as er at politikarar på Stortinget vil stå på for ein tryggare fjellovergang og betre livsvilkår for villreinen.