Trafikktal for januar 2021 Høgfjellsovergangar aust-vest

No føreligg trafikktala for januar 2021 frå Statens Vegvesen. Det viser at den relative fordelinga mellom dei fire viktigaste vegane er nokså konstant. Veret styrer det meste for trafikken på rv 7 Hardangervidda.  Når Vidda er open så kjem trafikken. Det køyrer over dobbelt så mange bilar over Vidda i jan 2021 (710 mdt=månadsdøgntrafikk) som i januar 2020 (323 mdt).  Dette kan også ha noko med prisnedsetjingnga frå 01.12.2020 på Hardangerbrua, som i jan 2021 hadde 1215 mdt mot 913 mdt i 2020. Når det gjeld tunge køyretøy over 12,5 m så har Hardangervidda 57 mdt i 2021 mot 32 mdt i 2020. Likeeins for Hardangerbrua som i 2021 hadde 87 mdt tunge i 2021 mot 63 tunge i 2020.  I forhold til trafikken på rv 52 Hemsedalsfjellet så er der 755 mdt i jan 2021 med 218 mdt tunge over 12,5 m.

Ser ein på Funksjonsfordelingsvedtaket av 2017 så viser trafikktala at det er  ei logisk prioriering. I jan 2021 hadde rv 7 og rv 52 om lag like stor total månadsdøgntrafikk. Rv 52 hadde nesten 4 gonger så stor tungtrafikk medan persontrafikken prioriterer rv 7 Hardangervidda. Til dømes var helgetrafikken slik: 957 mdt på rv 7 og 800 mdt på rv 52.

Sett i forhold til E134 som skal forsyna Hordalandsdiaginalen går 1/3 av januartrafikken aust-vest der med 1/4 av tungtrafikken. Samfunnsnyttig vegbygging er vel å utvikla vegane som trafikantane sjølve velgjer.

Litt talloversikt for januar 2021: (Månadsdøgntrafikk med % av totaltrafikken)

Rv 7 Hardangervidda       710 mdt  (23 %)     Tunge 57 mdt (11%)

Rv 52 Hemsedalsfjellet    755 mdt (24 %)      Tunge 218 mdt ( 44 %)

E 16 Filefjell                       452 mdt (14 %)       Tunge 97 mdt (19%)

Fv 50 Hol- Aurland          127 mdt ( 4 %)        Tunge o mdt

E 134 Haukelifjell             1006 mdt (33 %)    Tunge 129 mdt ( 26%)