Framtida for Rv 7 Hardangervidda treng politisk beslutning.
Funksjonsfordelinga mellom Rv 7 Hardangervidda og Rv 52 Hemsedalsfjellet var ein poltisk beslutning i 2018 med grunnlag i satsinga på fjellovergangane aust-vest , Oslo-Bergen. Framtida for næringslivet i reiselivsdestinasjonane Hallingdal, Hardanger og Øvre Nummedal er heilt avhengig av heilårsopen trafikksikker RV 7. Tunnelar på Hardangervidda er einaste løysinga for heilårs reiseliv, men også løysinga for framtida til Villreinen på Hardangervidda og Nordfjella.
Me oppfatta det som eit konstruktivt møte med Samferdselsminister Knut Arild Hareide 8 desember 2020. Dette er også bakgrunnen for at Hardangerviddatunnelene as, Viken Fylkeskommune, Vestland Fylkeskommune, NHO Viken, NHO Vestland og Bergen Næringsråd samlar seg om felles brev til Hareide. Bodskapen er forventning om at Konseptvalutgreiinga for Rv 7 Hardangervidda no får ein politisk beslutning, der svaret K 2 (korte tunnelar).
Når dette vedtaket er gjort, kan kommunane Hol og Eidfjord starta med reguleringsarbeidet på Vidda som grunnlag for valg av tunneltrasear og vegutbetringar. Dette igjen er viktig for å starta den etappevise bygginga av dei 5 skisserte tunnelane. Målet må vera å kunna byggja Dyranuttnnelen og Lågahæteunnelen i NTP-perioden 2022-2033. Også dette må ha politisk beslutning. Det kan ikkje vera noko urimeleg krav sett i ljos av at tunnelen Røldal-Seljestad på E134 truleg vert realisert i perioden. Norsk vegpolitikk må ta omsyn til dei reisande sine føretrekte trasear ,og Rv 7 Hardangervidda har sidan 2013 hatt den største relative trafikkveksten av fjellovergangane aust-vest.