Årsdøgntrafikk ÅDT Fjellovergangar aust-vest 2018
No er den ofisielle statistikken frå Statens Vegvesen sine Trafikktal 2018 komen. For Fjellovergangar aust-vest merkar Hardangerviddatunnelene as seg at det er rv 7 Hardangervidda som står for auka registret trafikk. No har Hardangervidda og Hemsedalsfjellet om lag like stor ÅDT. Statistikken viser tydeleg at sommartrafikken prioriterer Hardangervidda. Også resten av året viser Rv 7 Hardangervidda total vekst. Når rv 7 Hardangervidda ein gong vert vintersikker vil dette forsterka seg. Ser ein på total trafikk på desse 5 fjellovergangane så har sørkorridoren E 134 Haukelifjell ca 1/3 av aust-vest-trafikken. Altså vel 2/3 av aust-vest-trafikantane nordkorridoren.
At trafikatprioriteringa er så tydeleg for rv 7 Hardangervidda meiner Hardangerviddatunnlene as må få konsekvensar for prioritering av Stortinget sine løyvingar i innverande og komande NTP. For 2018-2023 må dei avsette 300 mill kr til rv 7 flyttast til tiltak oppå sjølve vidda. Der vil dei gjera mest nytte for seg ved planlegging og oppstart av Lågehætunnlene. For NTP 2024-2029 meiner Hardangerviddatunnelene as at ein må prioritera Dyranuttunnlen i tråd med Statens Vegvesen si tilråding i KVU for rv 7 Hardangervidda.