Rv.7 blir prioritert vei øst-vest
På Hardangerviddakonferansen Rein Vidde på Geilo kom regjeringspartiene og Krf og Venstre med gladnyheten om at Rv.7 blir en prioritert vei mellom øst og vest. – Dette var gode nyheter for nå er Rv.7 inne igjen i varmen, men vi forventer at løftene følges opp med penger, sier Anved Johan Tveit, styreleder i Hardangerviddatunnelene AS.
Les pressemeldingen fra Interesseselskapet Rv.7 og Hardangerviddatunnelene As her:
PRESSEMELDING
RV7 HARDANGERVIDDA; HOVUDVEGSAMBANDET AUST – VEST
FOR PERSONTRAFIKK OG REISELIV
Regjeringa er samde med samarbeidspartia KrF og Venstre om at det skal veljast fleire vegar som hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet, i tillegg til E134. Samarbeidspartia er einige om at det skal leggast opp til ei funksjonsdeling mellom Rv7, Rv52 og E16:
– Rv 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsambandet for persontrafikk og reiseliv, der det også skal takast omsyn til villreinproblematikken.
– Rv 52 Hemsedal skal vera hovudvegsambandet for næringstransport.
– E16 skal fullførast som ein vintersikker veg og vera ei avlastning når andre overgangar er stengt.
IS Rv7 og Hardangerviddatunnelene AS stiller seg positivt til forslaget om å utvikle Rv7 Hardangervidda til hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet, for persontrafikk og reiseliv. Dette er ei nyvinning i Norge, der det m.a. blir lagt til rette for å utvikle ein hovudveg som betener reiselivsnæringa sine transportbehov i tillegg til persontrafikk. Dette er eit steg i rett retning, og dagens nyheit gjev alle som jobbar for Rv.7 ei vitamininnsprøyting, framfor siste etappe mot endeleg handsaming i Stortinget før sommaren, seier styreleiar i IS Rv.7 Tor Egil Buøen.
For å lykkast med satsinga er det heilt avgjerande at Rv7 Hardangervidda blir utvikla til ein vintersikker veg, og der det blir teke omsyn til villreinproblematikken. Dette føreset etablering av tunnelløysingar på Hardangervidda, slik Hardangerviddatunnelene AS har jobba for i fleire år, og no ser ein bokstaveleg talt ljoset i enden av tunnelen, sier styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS, Anved Johan Tveit.
Som ein konsekvens av at Rv7 Hardangervidda er den kortaste og raskaste vegen mellom Austlandet og Vestlandet, at det er turisthovudvegen mellom aust og vest framfor nokon og at nokre av dei største reiselivsdestinasjonane i landet ligg i tilknyting til vegen, ser IS Rv7 og Hardangerviddatunnelene AS på forslaget som ei framtidsretta løysing.
Styreleiar i IS Rv7 ser frem til den kommande handsaminga av Nasjonal Transportplan. Rv7 Hardangervidda vil med forslaget få ein heilt spesiell status som vil kunne bli ei styrke for reiselivsnæringa samstundes som ein i større grad vil kunne skilje tungtrafikk og persontrafikk. Både ut frå trafikktryggleiksomsyn og framkomelegheit vil dette vera positivt, seier Tor Egil Buøen.
Rv7 har dei seinaste åra fått ein markant trafikkvekst (auke i årsdøgntrafikk over RV.7 Hardangervidda i perioden 2012-2015 har vore på 58 %) m.a. p.g.a. Sokna – Ørgenvika, Hardangerbrua og ny undergang på Geilo. Ut frå Statens vegvesen sine analysar vil Rv7 uansett løysingar, vera den hovudvegen mellom aust og vest som får størst trafikkvekst dei komande ti-åra. Regulariteten på Rv7 over Hardangervidda er desidert den største flaskehalsen på Rv7 og krev også utbetring i forhold til villreinproblematikken, påpeikar Anved Johan Tveit.
Mykje arbeid står att før ein har på plass dei naudsame vedtak, og styreleiarane er tydelig på kva dei forventar når Regjeringa kjem med sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2018-2029. Me forventar at det setjast av pengar i fyrste planperiode slik at ein kan planlegge og byggje tunnelløysingar under Rv.7 snarast mogleg, seier Buøen og Tveit. Både Hol og Eidfjord kommune er klare til å setje i verk arbeidet med dei naudsynte reguleringsplanar så snart ein får eit vedtak i Stortinget. – Det skal ikkje stå på oss no, seier Tveit som også er ordførar i Eidfjord kommune.
Kontakt:
Styreleiar i Interesseselskapet Rv.7, Tor Egil Buøen, mob 911 99 637
Styreleiar i Hardangerviddatunnelene, AS Anved Johan Tveit, mob. 959 70 910