HardangerviddatunneleneHardangerviddatunneleneHardangerviddatunneleneHardangerviddatunnelene
  • Prosjektet
  • Nyheter
  • Om oss
  • Dokumentasjon
  • Kontakt

Ugjendrivelige fakta..?

    Home Ukategorisert Ugjendrivelige fakta..?
    NextPrevious

    Ugjendrivelige fakta..?

    By HVT | Ukategorisert | Comments are Closed | 3 mai, 2016 | 0

    Den siste veka har det versert innlegg i både BA og BT som er destruktive for arbeidet ein legg i å byggje gode vegløysingar for heile Vestlandet. Det stammer ikkje frå bergensarar. Aksjonsgruppen for Hardangerviddatunnel svarer kritikerne i dette leserbrevet.

    Tilhengjarane for ein arm frå E134 til Bergen (den omtalte Hordalandsdiagonalen), har utan tvil eit ektefølt engasjement for ein skikkeleg vegforbinding mellom aust og vest, Oslo og Bergen/Stavanger, og dei  gode regionale effektane ein slik arm vil kunne bringa med seg. 

    Det er forståeleg at skuffelsen er stor blant diagonalforkjemparane. Samferdselsministeren har ikkje ynskt ei utredning av prosjektet, i det som kan verta gjeldande Nasjonal Transportplan (NTP). Men det må påpeikast at det er ein avgrensa dramatikk i dette då  prosjektet ligg et godt stykke fram  i tid – ifølge Statens vegvesen er det snakk om realisering ein gong etter 2062.

    Asbjørn Moe og Tryggve Lie har den siste veka skrive flammande innlegg i både BA og BT, kor de i hovudsak freistar å redusera dei som jobbar for ein utbetra Riksveg 7 til “hyttemafia”, og presenterer samfunnsøkonomiske analysar som “ugjendrivelige faktum”, til fordel for ein diagonal knytta til E134. Begge deler er direkte feil. Statens Vegvesen seier det sjølv, i grunnlagsdokumentet for Nasjonal Transportplan 2018-2029:

    «Datagrunnlaget i samfunnsøkonomiske analyser bygger blant annet på framskrivinger som er usikre. Modellene vil alltid være en sterk forenkling av virkeligheten, slik at det vil være usikkerhet knyttet til dette. Det er flere faktorer som i dag er vanskelig å modellere og hvor det gjenstår arbeid med å få et godt nok metodeverktøy og datagrunnlag. Modellene er komplekse og fanger ikke opp alle relevante forhold. Små endringer i beregningsforutsetningen kan gi store utslag. Økt vektlegging av samfunnsøkonomiske analyser som en del av beslutningsgrunnlaget, øker risikoen for prioriteringer som bygger på feil i analysegrunnlaget.»

    Å visa til dei samfunnsøkonomiske analysane som ein absolutt fasit, gjer ikkje ein gong Statens Vegvesen sjølv. Både Lie og Moe ser og ut til å meina at Statens vegvesen har teke Gud i foten på alt dei føretek seg og dermed burde det vel væra  en smal sak å tru på dei i denne samanhengen også?

    Næringslivet langs riksveg 7 har eit enormt potensiale for sysselsettjing og verdiskapning, slik Lie og Moe meiner det også er langs E134 og med diagonal mot Bergen. Arbeidsplassane betyr mykje for oss, enten vi er fra Odda, Geilo, Bergen eller Voss. For riksveg 7 er næringspotensialet særlig stort innan reiselivet – og for ordens skuld snakkar vi da i hovudsak om turistnæringa, ikkje hyttelivet til bergensarane. 

    Riksveg 7 kan verta ein sikker og rask forbinding austover, for store deler av Vestlandet – og samtidig skapa nye, bærekraftige arbeidsplassar. Den vil supplera E16 over Filefjell som det nordlege sambandet og E134 som det sørlege sambandet. Det er difor heilt naudsynt  å sjå grundigare på riksveg 7, slik statsråd Ketil Solvik Olsen har valt å gjera, med ein lang Hardangerviddatunnel, som en av to potensielle stamvegar mellom aust og vest.

    Ja, også riksveg 7 må tåla samfunnsøkonomiske vurderingar, det skulle berre mangla, men også målt mot dei verdiane som ikkje kan pris setjast. Omsynet til villrein, til ynskje om spreidd  busetjing og bærekraftige arbeidsplassar i heile landet som kan finansiera den velferd alle kommunar forventar å levera til unge og gamle, er nokon av disse. Skulle vi utelukkande basert våre avgjerdsler på (ufullstendige) samfunnsøkonomiske analysar, burde vi sikkert alle vorte tvangsflytta  til Oslo, men her bur vi altså – samfunnunytta  til tross.

    Sverre Kleivkås, Leiar i Aksjonsgruppa for Hardangerviddatunnel

     

    Aksjon for Hardangerviddatunnel, Hardangervidda, Hardangerviddatunnel, NTP, Riksvei 7

    HVT

    More posts by HVT

    Related Post

    • Historisk viktig vedtak – Villrein og samferdsle

      By HVT | Comments are Closed

      Endre Lægreid er leiar av Villreinnemnda for Hardangervidda. Ei avkorta versjon av følgjande innlegg stod på trykk i Bergens Tidende 2. mai.  Denne hausten kan norske politikarar fatte eit vedtak som vil gje villreinen på Hardangervidda tilbakeRead more

    • Regjeringen fremla NTP 2018-2029

      By HVT | Comments are Closed

      Onsdag 5. april la samferdselsministerne frem forslag til NTP 2018-2029 og Stortinget skal nå behandle forslaget. – Vi er i en god posisjon foran innspurten, men det er nå jobben starter, sier daglig leder iRead more

    • Hordaland må prioritere Hardangerviddatunnel

      By HVT | Comments are Closed

      I arbeidet ny Regional Transportplan Hordaland 2018-2029 ber styret i Hardangerviddatunnelene AS om at Hordaland fylkeskommune jobber aktivt for en tunnelløsning på Rv.7. – Hordalandspolitikerne har alle muligheter til å få på plass en vintersikkerRead more

    • Velkommen til Rein Vidde 20.-21. mars!

      By HVT | Comments are Closed

      20.-21. mars arrangeres nok en gang Hardangerviddakonferansen Rein Vidde på Geilo, og i år er Vestlia Resort vertskap for konferansen som i fjor samlet 100 deltakere. På programmet står blant annet den franske ambassadøren, HøyresRead more

    • Rakettfart på Rv.7

      By HVT | Comments are Closed

      Rv.7 vokser som aldri før, og kan passere Rv.52 Hemsedal i trafikktall i løpet av 2017 eller 2018. – Dette kan skje allerede i løpet av året, og da skjer det paradoksalt nok i samme år som StortingetRead more

    NextPrevious

    Siste innlegg

    • Framtida for Rv 7 Hardangervidda treng politisk beslutning.
    • Møte med Samferdselsminister Knut Arild Hareide og Trafikktala for november 2020
    • Størst aust-vest i oktober 2020.
    • Dyranuttunnelen må inn i Nasjonal Transportplan 2022-2033.
    • Trafikktal for Fjellovergangane i Sør Noreg september 2020

    Arkiv

    • januar 2021
    • desember 2020
    • november 2020
    • oktober 2020
    • september 2020
    • august 2020
    • juni 2020
    • mai 2020
    • april 2020
    • februar 2020
    • januar 2020
    • desember 2019
    • november 2019
    • september 2019
    • august 2019
    • juni 2019
    • mai 2019
    • april 2019
    • mars 2019
    • januar 2019
    • oktober 2018
    • juli 2018
    • juni 2018
    • mai 2018
    • april 2018
    • mars 2018
    • januar 2018
    • desember 2017
    • november 2017
    • oktober 2017
    • april 2017
    • mars 2017
    • januar 2017
    • desember 2016
    • november 2016
    • oktober 2016
    • september 2016
    • august 2016
    • juli 2016
    • juni 2016
    • mai 2016
    • april 2016
    • mars 2016
    • februar 2016
    • januar 2016
    • desember 2015
    • november 2015
    • oktober 2015
    • september 2015
    • august 2015
    • juli 2015
    • juni 2015
    • mai 2015
    • april 2015

    Følg oss

    Samarbeidspartnere:

    Buskerud Fylke Buskerud Fylke

    Hordaland Fylke Hordaland Fylke

    Nore_og_Uvdal_kommune Nore og Uvdal kommune

    Ål kommune Ål kommune

    Hol_kommune Hol kommune

    Eidfjord_kommune Eidfjord kommune

    Ullensvang_kommune Ullensvang kommune

    Ulvik_kommune Ulvik kommune

    Copyright 2015 Kreator Kommunikasjon AS og Hardangerviddatunnelene
    • Dokumentasjon
    • Index
    • Kontakt
    • KVU rv. 7 over Hardangervidda – Ny Høyring – Informasjonsmøte
    • Nyheter
    • Nyheter2
    • Om oss
    • Pressemelding frå Hardangerviddatunnelene AS 01. mars 2018
    • Prosjektet
    • Rv 7 Hardangervidda har mest trafikkauke av dei 3 hovudvegane aust-vest i 2017
    Hardangerviddatunnelene