Vinteren står for døra.
(Bilete frå Destinasjon Eidfjord)
Firmaet Presis Vegdrift har fått fleire av dei nye driftskontraktane i Hardanger og Voss. Dei har også teke på seg og fått kontrakten på vintervedlikehaldet på fjellovergangen Rv 7 Hardangervidda. Geilo Tomteservice skal ha brøytinga og Presis sjølve fresinga og ryddinga. For trafikantane vil Presis i vinter visa sin kompetanse for framkome, trafikktryggleik, stenging og kolonnekøyring. Nye kostar pleier vera gode kostar, så spenninga og forventningane til Presis er stor.