Apriltala klare og viser stor trafikk.

Då er Trafikktala for månaden april 2022 frå Statens vegvesen klare.

Trafikkfordelinga mellom Rv 7 Hardangervidda og rv 52 Helsedalsfjellet stabiliserer seg som to høgfjellovvegar aust-vest med lik trafikk-belastning. Men tungtrafikken prioriterer Hemsedal og det er i tråd med tilrådinga i Funksjonsfordelingsvedtaket av 2017. Trafikktala for E 134 Haukelifjell er ikkje skikkeleg oppdaterte enno , så eg samanliknar framleis tala for E 134 ved Vinje Kyrkje, som nok er større enn ved Vågsli. Det er verdt å merka seg at no er trafikken på dei 4 fjellovergangane Hardangervidda nord over dobbel så stor som på E 134 Haukelifjell. Trafikken på Hardangervidda aukar og aukar. Likevel har nokon framleis fokus på øst-vest-utgreiinga frå 2015 , som er utdatert med vedtaka om K5 Bergen -Voss og Funksjonsfordelingsvedtaket rv7/rv52.

På Høgfjellskonferansen på Gol september 2015 var tilrådinga frå Statens vegvesen i KVU rv 7 Hardangervidda å byggja Dyranuttunnelen på 6,25 km. I 2022 framleis ingen tunnel.

Tabellen under viser dagstrafikktala for april 2022. Tunge betyr gjennomsnitt store køyretøy over 12,5 meter pr dag.

Fjellovergangar SørNoreg     
 Rv 7 Hard.vRv 52 HemsE 16 FileFv 50 Hol AE 134 Vinje
Total141114448952601873
Yrkedagar124613176902211821
Helg1358163513033191950
Tunge99218833186
      
Andre interssante     
 Rv 7 H bruRv 7 Geilo ØRv 7 NesbyenFv 40 VeggliRv 13 BuVest
Total21104077641925201060
Yrkedagar20224249601324051051
Helg22423819702826941074
Tunge1241454175145