Møte med Samferdselsminister Knut Arild Hareide og Trafikktala for november 2020

Hardangervidddatunnlene as deltok i eit digitalt møte 08.12.2020 med Samferdselsminister Knut Arild Hareide og statssekretærane John-Ragnar Årset og Ingelin Noresjø, klokka 10.30 -11.20. Møtet var sammøte mellom interessentane for Rv 7 Vegpakke Hallingdal, Rv 7 Hardangerviddatunnelene og Bergensbanen FRE 16 og K5.  Frå desse vart det 12 deltakarar. (Sjå vedlegg). Fylkesråd i Viken Fylkeskommune Olav Skinnes leia møtet. Innlegg hadde Petter Rukke (HVT as), Nina Solli (Viken NHO), Hans Erik Ringkjøp(Bergensbanen og K5) og Jannicke Bergesen Clarke (Vestland Fylkeskommune).

Knut Arne Gurigard hadde laga presentasjonen for fellesskapet. Samferdselsministeren meinte han hadde fått gode innspel og blitt oppdatert på veg og bane aust-vest Oslo-Bergen gjennom Hallingdal og Hardanger/Voss.

Hardangerviddatunnlene as håpar no på at dette møtet kan vera utløysande fdor at Regjeringa tek fram KVU for rv 7 Hardangervidda og vedtek konseptet K2 -Korte tunnelar.

::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

Trafikktala for november 2020 er slik frå SVV. (mdt=månadsdøgntrafikk)(Vidare andel av totalt antal tunge køyretøy over 12,5 meter) :

Rv7 Hardangervidda: 683 mdt Tunge 14%
Rv52 Hemsedalsfjellet:828 mdt Tunge 43%
E16 Filefjell: 513 mdt Tunge 16 %
Fv 50 Hol-Aurland: 118 mdtTunge4%
E134 Haukelifjell: 964 mdt Tunge 31%
Tala talar for seg. Altså går 69 % av all trafikk på fjellovergangane Aust-Vest på nordsida av Hardangervidda og 31% på Haukelid.
Av tungtrafikk er fordelinga 74% mot 26%

Nyttar høvet til å ønskja ei god jol og eit godt nyttår.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]