Trafikktal for 1. kvartal 2020
Trass uversvinter, stengeregime og koronatider har det vore bra med trafikk aust-vest på fjellovergangane i SørNoreg. I rekordåret for stenging og kolonnekøyring på Hardangervidda (har ikkje fått offisielle tal frå Vegvesenet enno) kan me tolka tala slik at den avvist trafikken frå Vidda nytta rv 52 Hemsedal og E 16 Fillefjell. E 134 Haukelifjell har normalt ca 30 % av aust-vest-trafikken på fjellovergangane i sør og slik er det også i vinter. E 134 Haukelifjell ser ut til å ha nesten ingen overført trafikk får stengde/kolonnekøyrde rv 7 Hardangervidda. Det betyr at 70 % brukar rv 7/rv52/E16 /fv50 også i vinter og ingen konkurranse mellom sørkorridoren og nordkorridoren.
Slik er Månadsdøgnstrafikktala frå Statens vegvesen for 1. kvartal pluss april 2020.
Mnd/Veg Rv 7 RV 52 E 16 Fv 50 E 134
jan 323 917 577 149 839
feb 340 1107 858 182 925
mars 575 853 481 135 776
april ? 847 535 149 813
Dessverre så er det ingen registerering for rv 7 Hardangervidda i april grunna manglande kontakt med målestasjonen.