God Jol og Godt Nyttår

God Jol og Godt Nyttår

HARDANGERVIDDATUNNELENE AS TAKKAR ALLE SAMARBEIDSPARTAR OG STØTTESPELARAR FOR NYTTIG INNSATS I 2024, MED ØNSKJE OM EI GOD JOL OG EIT GODT TUNNELÅR I 2025. Kort om viktigaste saka for selskapet i 2024 og planar for 2025. Året 2024 hadde selskapet fokus å koma inn i Nasjonal Transportplan 2025-2036 med tekstlege merknader og gjerne forpliktande oppfølgjing…

Arendalsuka 2024

Arendalsuka 2024

Hardangerviddatunnelene as deltar også i Arendalsuka 2024. Standen er midt i mingleområdet på Kanalplass 33. BESØK OSS , BLI OPPDATERT OG DELTA I KAMPEN FOR MILJØTUNNELAR PÅ RV 7 HARDANGERVIDDA. Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har i NTP 2025 – 2036 peika på at Rv 7 Hardangervidda er viktig aust-vesetsamband for person- og næringstransport og…

Styret i Hardangerviddatunnlene as 2024

Styret i Hardangerviddatunnlene as 2024

På ekstraordinær Generalforsamling 12.12.2023 og ordinær Generalforsamlinga 25.06.2024 fekk Hardangerviddatunnlene as nye styremedlemmer. På biletet frå venstre er styremedlemmene: Jon Andreas Kolderup, Hol – Nestleiar Kari Lægreid, Eidfjord – Einar Lutro, Ullensvang – Styreleiar Petter Rukke, Hol – Solveig Vestenfor, Ål – Jens Olav Holven, Ulvik – Timo Knoch , Eidfjord. Gneralforsamlinga 2024 godkjende også…

Regjeringa vurderer tunnelar på RV 7 Hardangervidda?

Regjeringa vurderer tunnelar på RV 7 Hardangervidda?

Slik kan me ikkje ha det. Stenging og kolonnekøyring , timevis venting og kanskje framtidig vinterstengt Hardangervidda? Kvifor vil ikkje Regjeringa ha tunnelar på Hardangervidda? Villreinmeldinga 2023 – 2024. Regjeringa har lagt fram Villreinmeldinga til Stortinget. Her står det at Regjeringa vil: «Utgreiing av tunnel-løysningar som betrar tilstanden for villrein skal inngå i all planlegging,…

Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite har fått god informasjon om tunnelar på Hardangervidda.

Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite har fått god informasjon om tunnelar på Hardangervidda.

BILETE (Foto Jørn Lekve) Frå venstre: Liv Kari Eskeland (Stortinget H), Solveig Vestenfor (ordførar i Ål), Timo Knoch (ordførar i Eidfjord), Jens Olav Holven (ordførar i Ulvik), Sigbjørn Gjelsvik ( Stortinget Sp , Komiteleiar T/K), Kari Lægreid (varaordførar i Eidfjord), Petter Rukke (styreleiar i Hardangervidatunnelen as), Trond Helleland (Stortinget H, 2.nestleiar i T/K), Frank Edvard…

Årsdøgnstrafikk 2023

Årsdøgnstrafikk 2023

Vel møtt i 2024. Eit nytt år for å jobba med for forståing av tunnelar på Hardangervidda og gjennomslag for planmidlar i NTP. På nettsidene til Statens Vegvesen er trafikkdata lagt ut. Dette er ein svært informativ kanal for å lesa trafikktal på svært mange ulike strekningar i vår lange land. https://trafikkdata.atlas.vegvesen.no/ Årsdøgntrafikken på Rv…

Nytt styre ønskjer God jol og godt nyttår

Nytt styre ønskjer God jol og godt nyttår

Nok eit år er snart over. Hardangerviddatunnlene as har også i 2023 aktivt prøvt å få tunnelar på Hardangervidda fram i folk og styremakter sine tankar. Hovudfokus har no vore på Villreinen på Hardangervidda, at tunnelar og særleg Dyranuttunnelen er kinderegg med effekt både for villrein og traffikantar. Gjennom fleire mediasaker har Hardangervidda vore framme…

Tiltaksplan for Villrein

Tiltaksplan for Villrein

Villreinen på Hardangervidda er raudlista og i fare for utrydding. Staten har sett igang arbeid for å redda villreinen. I vår skal Regjeringa leggja fram ei eiga Reinsdyrsmelding til Stortinget. Som grunnlag har det vore jobba mykje med å finna fram til effektive tiltak for å redda villreinen. For Hardangervidda-reinen er det gjennom prosjketgrupper lagt…

Stortingsmelding om Villrein 2023

Stortingsmelding om Villrein 2023

Regjeringa Støre ved Klima- og Miljø-departementet arbeider i 2023 med ei Stortingsmelding om Villreinen i Noreg. Parallelt arbeider Norsk Villreinsenter, på oppdrag frå departementet, med tiltaksplanar for villrein. Regjeringa inviterer breitt til innspel til Stortingsmeldinga i 2 omgangar , siste no innan 01.10.2023, og Hardangerviddatunnelene as har tillate seg å gje innspel begge gonger. Herunder…

Miljøtunell under Dyranut er best for villreinen, seier jegrane.

Miljøtunell under Dyranut er best for villreinen, seier jegrane.

Hardangerviddatunnelen as inviterte villreinjegrar på Hardangervidda til møte på Dyranut Fjellstove laurdag 23.09.2023 om villreinen sine levekår på vidda . Fokuset var både å få fram fakta om statusen til villreinen, orientera om Stortingsmeldinga og Tiltaksplanar for villrein, som er under arbeid, og få jegrane sine synspunkt på situasjonen etter jakta 2023. Jørn Lekve er…

Arendalsuka 2023 og litt til.

Arendalsuka 2023 og litt til.

Hardangerviddatunnelene as hadde stand på Arendalsuka 2023 , mandag 14.08 til fredag 18.08. Me fokuserte der særleg på Dyranuttunnelen, som vil gje heilårsveg for villreinen sør-nord og trafikken vest-aust. Dei aller fleste som vitja standen viste forståing for begge behova. Representantar for Hardangerviddatunnelen as var også tilstades på ulike arrangement for å bli oppdaterte, mingla…

Bygg Dyranuttunnelen for Villreinen.

Bygg Dyranuttunnelen for Villreinen.

I samband med at Regjeringa skal leggja fram ei Stortingsmelding om Villrein, så har dei bede om innspel innan 15.mai 2023. Hardangerviddatunnelene as tillet seg å senda slikt innspel til Klima- og Miljødepartementet ved Naturforvaltningseksjonen: » Innspel til Stortingsmeldinga for villrein frist 15.05.2023. Hardangerviddatunnelene as arbeider for sikra heilårs vegtrase over Hardangervidda for villrein og…

Trafikktal for Mai 2023

Trafikktal for Mai 2023

Nye gode trafikktal for Rv 7 Hardangervidda i mai 2023. Trafikken er stigande år for år. Gjennomsnittleg passerte 1456 bilar Lappesteinen på Rv 7 Hardangervidda i mai 2023, 17 % auke samanlikna med mai 2022. Dette til tross for mykje ustabilt vêr og 3 dagar delvis stenging. Yrkedagar var det gjennomsnittleg 170 tungbilar over vidda…

Trafikktal

Trafikktal

TRAFIKKTALA FOR APRIL 2023 RV 7 HARDANGERVIDDA Trafikktala for april 2023 på Rv 7 Hardangervidda ved Lappesteinen viser ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1374 bilar. Helgetrafikkne var på 1721 bilar og yrkedagane 1109 bilar. Av desse var det gjennomsnittleg 70 store køyretøy over 12.5 m, medan yrkedagane hadde 102 store. Av personbilar var det sjølvsagt påsketrafikken…

PÅSKEN 2023

PÅSKEN 2023

Vel overstått påsken 2023. Rv 7 Hardangervidda vore svært viktig for påsketrafikkantane også denne påsken. Dei 11 dagane frå fredag før Palmehelga til 2. Påskedag har det på teljinga til Statens vegvesen, ved Lappesteinen, passert gjennomsnittleg 2636 bilar i døgnet. Størst var trafikken 1. Påskedag med 5609 bilar. Dette betyr igjen at Rv 7 har…

Godt nyttår 2023.

Godt nyttår 2023.

Då har me lagt 2022 bak oss utan lovnader om tunnelar på Hardangervidda. Ny kontraktør, Presis Vegdrift, med underentreprenøar, er no igang på Vidda og flinke folk står på for oss trafikantar. Det er jamn informasjon på Facebooksida «Kolonnekjøring Hardangervidda», om verforhold, fri ferdsel, kolonne og stenging. Også heimesida «vegvesen.no/fjellovergangar» gir aktuell oppdatering. Sjølvsagt er…

God jol med gode trafikktal.

God jol med gode trafikktal.

(Arkivfoto av Lionsnissen i Eidfjord) Rv 7 Hardangervidda vert stadig meir brukt av vegfarande på høgfjellsovergangane i SørNoreg. Novembertala i 2022 viser trafikk på 706 Mdt (Månadsdøgntrafikk=gjennomsnittleg bilar i døgnet) som er 5 % auke i høve i fjor. Tungtrafikken utgjer 16 % av desse. Dessverre så har Statens vegvesen ikkje registrering verken på E134…

Vinteren står for døra.

Vinteren står for døra.

(Bilete frå Destinasjon Eidfjord) Firmaet Presis Vegdrift har fått fleire av dei nye driftskontraktane i Hardanger og Voss. Dei har også teke på seg og fått kontrakten på vintervedlikehaldet på fjellovergangen Rv 7 Hardangervidda. Geilo Tomteservice skal ha brøytinga og Presis sjølve fresinga og ryddinga. For trafikantane vil Presis i vinter visa sin kompetanse for…